Australia lanserer kontroversielt ministerium for å reprogrammere menn

Great Game India rapporterer:

Delstatsministeren i Victoria har etablert eit kontroversielt ministerium som har som mål å reprogrammere menn, og har utpeikte Tim Richardson som nasjonen sin fyrste parlamentsminister for mannleg åtferdsendring, dette på bakgrunn av bekymringar om kjønnsbasert vald og sivile fridommar.

Kvar gong ei totalitær regjering oppstår, blir dette følgt av massive initiativ for å sosialt styre befolkninga slik at dei får fjerna vanane sine for å gjere opprør. Propaganda og indoktrinering blir typisk brukt til å identifisere og velje seg ut visse grupper som utgjer ein fare for systemet. På same tid blir den generelle befolkninga på liknande vis kondisjonert sosialt sett til å avsky og ikkje stole på enkelte grupper. Den meir føyelege befolkninga blir dermed forma av etablissementseliten som ein buffer mot at revolusjonære potensielt styrtar dei.

Kva skjer derimot når åtferdsformarar har tenkt å etablere verdsdekkjande despotisme? Lista over potensielle rebellar blir stadig eksponentielt lengre, medan forsøk på å undertrykkje eller kontrollere dei blir stadig meir intrikate. Korleis kan herskarklassen meir effektivt leggje reimar på befolkninga og gjere agendaen sin straumlinjeforma?

Å gå til åtak på og leggje ned for teljing den delen av befolkninga som mest sannsynleg vil skape problem for dei på lang sikt, er den einaste levedyktige løysinga. Kva gruppe menneske er mest tilbøyelege til å gjere opprør mot systemet? Ekte mannfolk er svaret. Som eit resultat er målet til denne nye globale ordenen å underminere og øydeleggje menn ved å utpeike maskulinitet som ein eksistensiell trugsel mot sivilisasjonen, på linje med atomvåpen eller global oppvarming.

Australia har vore reine pionerane innan feltet autoritære initiativ dei seinare åra. Dei utførde sjokkerande og avskyelege brot på sivile fridommar under covid-panikken. Den fullstendige overtakinga av DEI [Diversity, Equity, Inclusion = «mangfald, utfallslikskap, inkludering»] i den australske regjeringa og spreiinga av radikal feminisme var kanskje endå verre. Det ser ut til at Australia nesten har blitt eit offer for skrekken tilknytt oppvekt religion.

Av denne grunnen kjem det ikkje som ei overrasking i det heile at delstatsministeren [australsk engelsk Premier] i den australske delstaten Victoria, har etablert eit nytt ministerium som har som jobb å påverke og kanskje til og med styre menn.

Denne månaden vart delstatsrepresentant Tim Richardson av Jacinta Allan utpeikt til å bli den fyrste parlamentsminister [Parliament Secretary] for Men’s Behavior Change [«mannleg åtferdsendring»], noko som gjer han til den aller fyrste ministeren av denne typen i nasjonen. Utnemninga vart gjort etter at statsminister Anthony Albanese erklærte kjønnsbasert vald som ei «nasjonalkrise», og hans lovnad om å auke statleg handling. Australia brukte å gje våpen skulda for valdskriminalitet; i desse dagar gjev dei menn generelt skulda.

Det nye initiativet er, ifølgje hovudstraumsmedia, ein reaksjon på ei «krise av kjønnsdiskriminerande vald mot kvinner». Informasjonen støttar ikkje dette, som er problemet. Ifølgje australske sjukehusdata har talet overfall og drap gått ned jamt og trutt dei siste 20 åra, både for menn og kvinner. I tillegg indikerer tala at menn har langt større risiko enn kvinner for å bli offer.

Naturlegvis er alt dette avhengig av korleis staten tolkar «kjønnsdiskriminerande vald». Involverer dette grov munnbruk eller opponerande synspunkt? Hugs at ord kan vege like tungt som vald i auga til dei progressive. Det er interessant å merkje seg at Tim Richardson sa at han i stillinga si vil fokusere mest på internett og korleis det «påverkar menn sine haldningar mot kvinner». For å seie det med andre ord, har staten truleg tenkt å sensurere diskurs på internett for å stoppe «giftig» maskulin åtferd.

Det er ikkje «alle menn» si oppgåve å lide konsekvensane av det vesle talet brotsverk som blir utført. Rolla til staten er ikkje å kontrollere åtferda til borgarane.

På ein eller annan måte har alle vestlege land delteke i å diskreditere menn, der dei har brukt tredjebølgje-feminisme som eit springbrett. Alt Australia gjer, er å tene som ein beta-test for liknande initiativ som vil bli utførde i andre nasjonar.

Feminisme må bli brukt til å skape ei orsaking; menn kan ikkje berre bli angripne fordi dei er menn, eller fordi dei har evna til å gjere opprør mot eit autoritært regime; der må vere eit «offer» som treng å bli beskytta for at åtaket mot menn skal verke akseptabelt. Altso blir dei som held på maskuliniteten òg skulda for å setje tryggleiken til kvinner i fare.

Sagt på ein annan måte, er argumentet det at dei totalitære er «dei gode folka», sidan dei visstnok bryr seg om at kvinner skal ha det godt. Vidare, sidan menn finst overalt, må totalitære òg vere overalt for å undertrykkje den skremmande maskuliniteten. Plutseleg blir det internasjonale systemet hylla som ein uvurderleg vaktar av tryggleiken til kvinner.

Naturlegvis er ingenting av dette riktig. Det blir demonstrert av besettelsen etablissementet har på transkjønnskulten. Femininitet blir angripen nesten like mykje som maskulinitet, sidan dei insisterer at kvinner omtrent berre er ein «sosial konstruksjon» som kan erstattast av psykisk sjuke menn som går med parykkar og sminke. Derimot, dersom ein er viljug til å vurdere ideen om at føremålet med desse programma er å gjere vestlege nasjonar meir sårbare overfor åtak, so gjev overfokuseringa på menn meining. Krigen mot manne-menn gjev perfekt meining i dette perspektivet.

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget