Det kvite huset vil at tech-gigantar skal sensurere alle videoar der Biden oppfører seg som ein demenspasient – slike videoar er nemleg «falske»

Cassie B. i Natural News melder:

Det at Joe Biden framstår som mentalt inkompetent har no blitt so vanskeleg å ignorere at teamet hans no krev at Big Tech-selskap skal sensurere videoklipp der forvirringa hans er i fullt skode.

Under ei fallskjermframvising og skydiving-demonstrasjon på G7-toppmøtet i Sør-Italia førre veke, kan ein sjå han vandre vekk frå ei gruppe verdsleiarar under ei planlagt fotomoglegheit, der han ser ut til å ikkje få med seg at presentasjonen finn stad framfor han, og vender seg i motsett retning for å snakke med ein offiser som var i ferd med å pakke ein fallskjerm. Han måtte rettleiast tilbake til plassen sin av den italienske statsministeren Giorgia Meloni, som måtte gå mot han baklengs so ho kunne halde fram med å sjå på sine medleiarar.

Videoopptak av denne «senior-augneblinken» verserte raskt på nettet, sidan folk lurer på korleis nokon som er so mentalt uskikka vil kunne styre USA i fire nye år. Dette sette i gang eit tal «faktasjekk»-merke og skuldingar frå media om at klippet blir delt utan å kome med kontekst, og at på ein eller annan måte er den aldrande presidenten på langt nær so senil som klippet antydar.

Som vanleg har den sensur-ivrige Biden-administrasjonen teke dette eitt steg vidare, der Biden-kampanje-talskvinne Adrienne Elrod kallar opptaka «desinformasjon», trass at dei er reelle, og krev at sosialmedie-plattformer fjernar dei, eller avgrensar spreiinga av dei.

Det stemmer, folkens: Biden oppfører seg som ein demenspasient på verdsscena, og desperate og desillusjonerte liberale trur dei berre kan bruke sine Big Tech-kontaktar til å viske det vekk som om det aldri skjedde.

Til MSNBC sa ho [Adrienne Elrod]: «Vi kjem til å gjere det vi kan for å kjempe mot det, men det krev stemmer frå surrogat frå heile landet. Det krev at media påpeiker det. Det krev at sosialmedie-plattformer der mange amerikanarar får informasjonen sin påpeiker det òg.»

Det er ikkje overraskande at dette er deira valde strategi med tanke på kor godt det fungerte for dei under pandemien og før 2020-valet, då dei greidde å få Hunter Biden-PC-historia gravlagt, trass at den var 100% sann.

Teamet til Biden vil få mykje å sensurere sidan han tilsynelatande drit seg ut kvar dag

Dei kjem til å få ein temmeleg svær jobb om dei må bruke tida si til å finne kvart einaste døme der Joe Biden minner oss om sin skjøre mentale tilstand og prøve å få det til å forsvinne, sidan han ser ut til å tabbe seg ut kvar dag.

På ein annan nyleg tur til Europa, denne gongen til eit arrangement som mintest D-dagen, byrja han, etter å ha handhelst på den franske presidenten Emmanuel Macron, å fomle rundt etter ein stol bak seg med eit åndsfråverande uttrykk i ansiktet, fullstendig umerksam på at alle andre framleis stod, heilt til kona måtte kviskre noko til han for å realitetsorientere han.

I eit nyleg intervju med ABC News medan han var i Frankrike, sa han at han har «kjent» den russiske presidenten Vladimir Putin «i meir enn 40 år». Mange påpeikte raskt at dette tydar at dei møttest i ein periode då Putin var ein hemmeleg etterretningsoffiser i KGB. Faktisk vart ikkje Putin ein offentleg person før 1999, og Biden har berre møtt han éin gong, på eit møte i Genève i juni 2021.

I mai sa han under eit arrangement i høve Jewish American Heritage Month, at eit gissel som vart halde fanga av Hamas var til stade under arrangementet i Det kvite huset. I februar påstod han at han hadde snakka med den tyske kanslaren Helmut Kohl, som gjekk bort i 2017.

Medlemmene av staben hans har innrømt at den tilårskomne presidenten stundom misser fokus under private samtalar. Hans generelle forvirring vart òg eksponert av spesialrådgjevar Robert Hur i rapporten hans om etterforskinga av den ukorrekte måten Biden oppbevarte hemmelege dokument på. Han sa at hans «hukommelse òg ser ut til å ha betydelege avgrensingar», med spesifikke døme der han gløymde når han var visepresident, og når sonen hans Beau døydde.

Etter kvart som tilstanden hans held fram med å progrediere, kjem han til å trenge eit heilt team av folk som sensurerer, for å prøve å diskreditere den veksande evidensen for at han er uskikka til embetet.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget