Korleis kvinnelege legar øydela helseomsorga i Storbritannia

Dr. Vernon Coleman, her henta frå nettstaden Expose-News, skriv:

Ingen annan lege i Storbritannia vil nokosinne våge å seie seg einig i overskrifta til denne artikkelen, men i hjarta sine veit både mannlege og kvinnelege legar at eg har rett.

Alle dei noverande problema med helsetenesta i Storbritannia er eit resultat av den forsettlege auken i talet kvinner innan medisin.

Uunngåeleg kjem ingen til å debattere denne påstanden med meg. Men dei kan heller ikkje motseie det eg skal til å fortelje dykk.

Fyrst vart det for nesten eit halvt hundreår sidan teke ei politisk avgjerd om å auke talet kvinnelege legar. Medisinskular fekk beskjed om å favorisere kvinnelege søkjarar til bakdel for mannlege når dei valde seg ut potensielle medisinstudentar.

 So valde mange av dei kvinnelege legane å byrje som allmennlegar fordi det er lettare å arbeide deltid som allmennlege enn det er å jobbe deltid som sjukehuslege.

Det tredje som skjedde var at kvinnelege legar ikkje ville rykkje ut om nettene eller i helgane, eller jobbe på raude dagar. Dei påstod at dei hadde babyar og barn å ta seg av, og at dei ikkje ville vere trygge dersom dei måtte rykkje ut på heimebesøk om nettene.

Fjerde tingen: igjen av tryggleiksgrunnar, ønskte kvinnelege legar å slutte å gå på heimebesøk.

Det femte: med stadig fleire kvinnelege legar som allmennlegar (der mange arbeidde deltid), var der ikkje att nok mannlege legar til å ta alle natt- og helgeoppdraga. So allmennlegar slutta med å rykkje ut utanfor kontortid, og byrja å ha same arbeidstider som bibliotekarar. (Faktisk jobbar den gjennomsnittlege allmennlegen 24 timar i veka no for tida – som er betydeleg mindre enn dei fleste bibliotekarar.)

Det sjette som skjedde var at fråværet av legedekninga på netter og helgar tyda at pasientar som vart sjuke om natta eller i helgane måtte ringje ambulanse, eller frakte seg sjølv til det lokale akuttmottaket. Dette førde til ei dramatisk overbelasting av ambulansetenesta og det lokale akuttmottaket.

Sjuande tingen: Det at allmennlegar nekta å besøke pasientar heime, tyda at eldre pasientar måtte haldast på sjukehus lenger enn det som hadde vore naudsynt dersom allmennlegar framleis hadde vore tilgjengelege for heimebesøk. So dette la press på ledige sjukehussenger.

Åttande tingen: Legar overalt fann ut at jobb-tilfredsstillinga deira fall dramatisk. Ein av dei mest tilfredsstillande delane av jobben til ein allmennlege, brukte å vere å besøke pasientar om nettene og i helgane – der dei sette ein diagnose og utførde naudbehandling på staden. Utan denne jobb-tilfredsstillinga oppdaga allmennlegar at dei hadde blitt om til ingenting anna enn utstadarar av reseptar og tilvisingar til sjukehus. (På same måten som farmasøytar har blitt lite meir enn utstadarar av pille-øskjer.) På sjukehus oppdaga legane at dei no måtte gjere jobben som allmennlegar brukte å gjere.

Og dermed er saka mi prova.

Kvinnelege legar har ikkje gjort dette med vilje eller på individuelt nivå, men som ei gruppe har dei øydelagt helseomsorga i Storbritannia.

Og eg fryktar at dei har øydelagt den permanent.

Og alt dette vart gjort med vilje. Konspiratorane planla å øydeleggje helseomsorga som del av sin plan for å redusere storleiken på befolkninga.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig. Sjå òg «Forsking viser at omsorgssvikt mot pleietrengjande eldre er vanleg i Noreg», publisert 18.juni 2024.

Kommenter innlegget