Masseovervakinga til EU møter aggressiv motstand

Didi Rankovic på nettstaden Reclaim the Net melder:

Den europeiske unionen (EU) har greidd å sameine politikarar, app-produsentar, privatlivsforkjemparar og varslarar i opposisjon til blokka sine føreslege krypteringsbrytande nye reglar, kjent som «chat control» (offisielt CSAM Regulation (child sexual abuse material regulation) [«regulering av materiale som viser seksuell mishandling av barn»]).

Torsdag [20.juni 2024] vart bestemt som dagen der regjeringane i medlemslanda, via sine EU-rådsambassadørar, skulle stemme på lovforslaget som påbyr automatisk gjennomsøking av privat kommunikasjon på vegner av plattformer, og «tvinga opt-in» frå brukarar [opt-in tydar at dei må godta visse vilkår for å bruke ei plattform; oms.komm.].

Derimot siterte reportasjar torsdag ettermiddag namnlause EU-tenestepersonar, som skal ha sagt at «det påkravde kvalifiserte fleirtalet ville rett og slett ikkje bli møtt» – og at røystinga dermed vart avlyst.

Dette kjem etter at fleire land, inkludert Tyskland, signaliserte at dei anten kom til å gå imot eller late vere å stemme. Essensen i opposisjonen mot lovforslaget, som det har blitt arbeidd med i lang tid, er at det har som mål å underminere end-to-end-kryptering, slik at EU kan utføre generell masseovervaking av alle brukarar.

[End-to-end encryption er ifølgje Wikipedia eit privat kommunikasjonssystem der berre kommuniserande brukarar kan delta. Dermed kan ingen andre sjå kva dei skriv, slik som til dømes Internett-leverandørar, vondsinna aktørar eller andre uvedkomande; oms.komm.].

Rettferdiggjeringa av dette er at slike drastiske nye tiltak er naudsynte for å fange opp og fjerne CSAM frå Internett – men dette argumenter blir av motstandarar avvist som eit påskot for å endeleg bryte krypteringa, og eksponere EU-borgarar overfor hittil usett overvaking, medan dei samstundes blir frårøva den særs viktige teknologien som garanterer dei tryggleik på nettet.

Enkelte appar som fokuserer strengt på tryggleik og privatliv, slik som Signal og Threema, sa i forkant av røystinga som var venta å finne stad 20.juni at dei kom til å trekkje seg ut av EU-marknaden dersom dei måtte innføre automatisk overvaking.

WhatsApp har (enno) ikkje gått sopass langt, men Will Cathcart, som leiar appen i Meta, pakka ikkje ting inn i eit innlegg på X, då han skreiv at det som EU føreslår bryt kryptering.

«Det er overvaking og det er ein farleg sti å vandre langs,» skreiv Cathcart.

Europaparlamentet (EP)-medlem Patrick Breyer, som har vore ein iherdig kritikar av dei føreslegne reglane, i tillegg til å vere involvert i forhandle dei på vegner av EP, kom på onsdag [19.juni] med ei åtvaring til europearar om at dersom «chat control» blir innført – kjem dei til å misse tilgang til vanlege sikre meldingstenester.

«Ønskjer de verkeleg at Europa skal bli verdsleiar i å tjuvlytte på dykkar smarttelefonar, og krevje generell overvaking av chattane til millionar av lovlydige europearar? Europarlamentet er overtyda om at denne orwellianske tilnærminga vil svike barn og offer ved å uunngåeleg mislykkast i retten,» slo han fast.

«Vi ber om reelt effektiv barnebeskyttelse ved å påby innebygd tryggleik, proaktiv bruk av søkjerobotar [engelsk crawling] for å reinse nettet, og fjerning av ulovleg innhald, der ingenting av dette er å finne i det belgiske lovforslaget som regjeringar vil stemme over i morgon (torsdag),» la Breyer til.

Og kven er betre til å vurdere faren knytt til nettovervaking enn mannen som avslørte det ekstraordinære omfanget av det, Edward Snowden?

«EU-apparatsjikar har som mål å snikinnføre eit frykteleg masseovervakingstiltak i lovverket trass universell offentleg opposisjon (ingen tenkjande person vil ha dette), ved å finne opp eit nytt ord for det – ‘opplastingsmoderasjon’ – og håpe at ingen finn ut kva det tydar før det er for seint. Stop dei, Europa!», skreiv Snowden på X.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget