Dr. Vernon Coleman, her henta frå nettstaden The Expose, skriv:
Dette er eit år med større val i Storbritannia, USA og store delar av Europa.
Men eigentleg speler det for pokker ikkje noka som helst rolle kven som vinn nokon av vala, sjølv om framtida vil kome i eit raskare tempo dersom venstreorienterte regjeringar sit med makta.
Vi skyt i svimlande fart mot nullutslepp og Den store tilbakestillinga.
Kva enn slags løgner vi blir fortalt, er det dette vi kan sjå fram til:
Meir 20-minuttsbyar vil bli bygt – der bueiningane vil liggje i høgblokker. Mat for kvar 20-minuttsby vil bli dyrka på lokale, innandørs gardar.
Sosialkreditt-system vil bli introdusert. […]
Helseomsorg vil bli stadig meir utilgjengeleg – bortsett frå vaksinasjonsprogram, som vil bli auka.
For å kome deg inn i ein butikk eller nokon som helst bygning, vil du måtte vise smarttelefonen din for å identifisere deg (alle dei som bruker smarttelefonane sine til å betale for kaffi har ført oss til dette punktet).
Generelt vil vêret bli kaldare og våtare ettersom sola er blokkert av geoingeniørar (søk på nettet etter «radiation management» dersom du ikkje trur meg).
Tradisjonelle gardar vil mislykkast og stengje, og området som vart brukt til landbruk vil få bli om til villmark.
Eutanasi vil bli lovleg overalt – og tungt promotert. På mange sjukehus vil det «friviljuge» elementet i legeassistert sjølvmord stille forsvinne medan eldre, skrøpelege, psykisk sjuke, handikappa og fattige blir stille myrda. […]
Pensjonsalderen vil skyte til himmels og ingen vil få statleg pensjon før dei er godt oppe i 70-åra. Dei fleste i arbeidsalder vil ikkje motta nokon pensjon i det heile.
Reise vil bli stadig meir vanskeleg og dyrt. Vegprising vil bli introdusert for å skremme vekk bilsjåførar og setje opp prisar for lastebilar. Nye blokkleilegheiter vil bli bygt på parkeringsplassar og bensinstasjonar. Desse parkeringsplassane vil berre ta imot betaling via ein spesiell app, og parkeringsfelta vil bli mindre og mindre for å ta frå folk lysta til å eige store bilar. Feriar vil bli frårådde. I dag får passasjerar beskjed om å kome til flyplassen tre timar før flyet deira går. Dette vil bli verre.
Streikar vil skje jamleg og bli vanlege, sidan fagforeiningar bruker makta si til å forstyrre og skade, og hjelpe til med å tvinge oss over i Den store tilbakestillinga.
Skattar kjem til å stige til eit uuthaldeleg nivå. Og der vil kome fleire og fleire nye skattar og avgifter. Regjeringar vil trenge enorme pengesummar for å betale for nullutslepp. Og vi betaler prisen. Dei superrike og utanlandsbuande milliardærane vil ikkje betale meir skatt. Dersom dei føler seg truga, vil dei rett og slett forlate landet. Middelklassen og den vordande middelklassen vil bli øydelagde.
Dei som sparer og investerer vil bli gjort om til mål, og vil måtte betale ekstra skatt. Incentivet til å spare vil forsvinne. Hugs: du vil eige ingenting (og ha det heilt jævleg).
Lokal eigedomsskatt vil auke dramatisk. Der vil kome spesialskattar for rekkjehus og hagar i det folk blir tvinga til å flytte til nye høgblokker i nye bydelar.
Alle som arbeider vil bli fattigare enn dei brukte å vere. Dei einaste som vil overleve framtida behageleg, vil vere dei som er på trygd og får energikostnadene sine dekte (ved hjelp av skattar tekne frå dei arbeidande fattige).
Politiet vil bruke mindre og mindre tid på å stoppe kriminalitet, og meir og meir tid på å arrestere dei som kritiserer styresmaktene.
Uavhengige nettstader og plattformer på nettet vil bli stengde.
Immigrasjon vil auke massivt.
Storbritannia vil i praksis bli med igjen i det fascistiske, udemokratiske EU, og Brexit-folkeavstemminga vil i praksis bli reversert mot folkets vilje.
Hugs at alt dette kjem til å skje med mindre vi stoppar det. Og røysting kjem ikkje til å utgjere nokon skilnad i det heile. For å stoppe det som er i ferd med å skje, må vi fortelje fleire kva som skjer, og desto viktigare, kvifor det skjer. Vi kjempar i ein propagandakrig. Vi må krevje eit ærleg media og vi må leggje press på uærlege politikarar. Del sanninga so mykje som du kan. Forklar om Den store tilbakestillinga og forklar at klimaendring og nullutslepp er eit massivt bedrag. Ver vennleg og del videoane mine og denne nettsida med alle du kjenner. Vi har ikkje mykje tid att.
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
