Cassie B. i Natural News rapporterer:
Då Pfizer-sjef Albert Bourla sa at covid-19 berre var ein prøve, gjekk det stort sett under radaren, men historia fortel oss at denne kommentaren kan vise seg å vere meir ei åtvaring enn ein sleivete kommentar.
«Eg trur verkeleg at Pfizers beste dagar ligg framfor oss fordi covid, for meg, var som ein generalprøve, korleis ein kan mobilisere ein organisasjon og gjere det umoglege og moglege, mot ein hovudsjukdom,» sa Bourla.
Det er ein temmeleg illevarslande ting å seie når ein tenkjer over det, spesielt ettersom at vi, dersom vi ser tilbake, ofte kan finne tilfelle der nokon har åtvara oss, anten direkte eller meir subtilt, om at noko ille var i gjære, men ingen lytta til åtvaringa.
Til dømes peikte Alex Jones på at han åtvara om at noko à la covid-19-pandemien kom til å skje heilt tilbake i 2010. Han sa at dette ikkje berre var ein tilfeldig spådom som viste seg å stemme; han las Rockefeller-stiftinga sin Operation Lock Step [«operasjon gåsegang»], som spesifikt skildra bruk av virus for å innføre ei verdsregjering, og ta kontroll over menneske med påboden karantene, munnbind, sjekkpunkt og andre brot på personleg fridom.
Akkurat som enkelte av hans andre spådommar som har blitt sanne, seier han at der ofte er mange slags åtvaringar, men at folk ikkje følgjer med.
«So fort vi har nok teknologisk utvikling, nok vitskap, kan vi gjere alt vi kan førestille oss,» sa Jones.
Difor ville det ikkje kome som noka overrasking om covid-19 verkeleg viser seg å berre vere ein generalprøve for den ekte katastrofen; som Jones sa: «Den store greia er på veg.»
Pandemien var særs profitabel for Pfizer
Det er tydeleg kvifor Bourla og Pfizer kanskje håper at alt dette berre var ein «prøve». I 2021 tente Pfizer nesten 37 milliardar dollar på sprøyta, som sementerte dei som eit av dei mest lukrative produkta nokosinne. Dette fekk deira totale inntekt det året til å nesten doble seg til over 81 milliardar, som var meir enn BNP-et til dei fleste nasjonar.
Ikkje overraskande fekk dette mange til å konkludere at Big Pharma-selskapet tok del i «pandemi-profittering», og dei fekk òg kritikk for å ikkje ville dele samansetninga av vaksinane sine med legemiddelprodusentar i fattigare land for å hjelpe fleire å bli vaksinerte.
Gruppa Global Justice Now sa: «Men vi har late Pfizer halde tilbake denne essensielle medisinske innovasjonen frå store delar av verda, medan dei lurte offentlege helsesystem med ein hjarteskjerande prisauke.»
I 2022 sette dei nok ein rekord, der dei håva inn 100 milliardar i inntekter takka vere både deira covid-19-vaksine og covid-19-behandlingspilla Paxlovid, som åleine tente inn nesten 19 milliardar dollar. Totalt kom nesten 57 milliardar av 2022-inntekta deira frå vaksinane og pillene kombinert.
WEF, WHO og Bill Gates åtvarar allereie om den neste pandemien
Derimot har andre mektige individ òg gått ut og kome med spådommar om endå større pandemiar, og dei burde heller ikkje ignorerast. Til dømes åtvara Bill Gates i fjor om at den neste pandemien vil vere «menneskeskapt» og «mykje meir brutal» enn covid-19.
Han sa òg at vi burde forvente når dette skjer: «Neste gong kjem vi til å ha fabrikkar som er i stand til å produsere [vaksinar] langt raskare, slik at ein berre i løpet av nokre få månader vil kunne lage nok til heile verda. So vi vil ha nok forsyning slik at prioritering ikkje vil spele noka rolle, fordi vi vil kunne dekkje alle.»
Han sa òg at den neste pandemien ikkje er «eit spørsmål om viss, men når», og såg føre seg å bruke verdsomspennande overvaking, aggressiv vaksineutvikling og sensur.
I mellomtida har World Economic Forum og Verdas helseorganisasjon openlyst førebudd seg på ein potensiell «Sjukdom X» som kjem til å vere 20 gonger meir dødeleg enn covid-19, og som kan drepe opp til 50 millionar menneske. Dei har til og med arbeidd med ein proaktiv plan for å handtere den – og det burde ikkje kome som noka overrasking av dette inkluderer mykje vaksineutvikling, eit pandemifond og massevis av restriksjonar og sensur.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
