Michael Snyder skriv på nettstaden sin End of the American Dream:
Då eg fyrst byrja å undersøkje dette, kunne eg knapt tru at det var sant. Eit selskap i Sveits kjent som Final Spark [«siste gnist»] har konstruert ei bisarr hybrid-datamaskin som kombinerer laboratoriedyrka miniatyr-menneskehjernar med konvensjonelle elektroniske kretsar. Denne tilnærminga sparer ei ekstraordinær mengd energi samanlikna med normale datamaskiner, men der er eit stort problem. Dei laboratoriedyrka minihjernane driv og slit seg ut og døyr, so vitskapsfolk må dyrke stadig nye hjernar for å erstatte dei. Stamceller som blir henta frå menneskehudvev blir brukt for å skape dei 16 sfæriske hjerne-«organoida» som systemet er avhengig av. Eg innser at dette høyrest ut som noko henta frå ein verkeleg dårleg science fiction-film, men det skjer faktisk.
Vitskapsfolk ved Final Spark kallar hybrid-datamaskina si «the Neuroplatform» [«Nevroplattforma»], og det blir rapportert at den berre bruker «ein brøkdel av energien som krevst for å forsyne eit tradisjonelt oppsett»:
«Det sveitsiske tech-oppstartsfirmaet FinalSpark [sic] held no på å selje tilgang til biodatamaskiner som kombinerer opptil fire knøttsmå laboratoriedyrka menneskehjernar med silikonchippar.
Denne nye bioprosesseringsplattforma, kalla Nevroplattforma, bruker små versjonar av menneskehjernar til å gjere datamaskinarbeid i staden for silikonchippar. Selskapet seier dei kan få plass til 16 av desse minihjernane i Nevroplattforma og bruker ein brøkdel av energien som krevst for å forsyne eit tradisjonelt oppsett.
Plattforma, for tida i bruk på ni institusjonar, integrerer hardware, software og biologi for å konstruere eit prosesseringssystem som er energieffektivt og har høg yteevne.»
Dette «gjennombrotet» blir hylla som ein måte å spare enorme mengder energi.
Men kva med dei laboratoriedyrka menneskehjernane som blir slavebundne for å drive Nevroplattforma?
Kvar av dei 16 minihjernane er bygt opp av rundt rekna 10 000 levande nevron [nerveceller], og dei blir haldne i live av eit «mikro-væskesystem som forsyner cellene med vatn og næringsstoff»:
«Heller enn å berre integrere biologiske konsept i dataarbeid, driv FinalSpark si nettbaserte plattform og ‘knyt seg til’ sfæriske klynger av laboratoriedyrka menneske-hjerneceller kalla organoid. Totalt 16 organoid blir husa i fire rader som er knytt til åtte elektrodar kvar, og eit mikro-væskesystem som forsyner cellene med vatn og næringsstoff.
Tilnærminga, kjent som wetware computing [bokstavleg tala «våtvare-dataarbeid»; oms.an.], dreg i dette tilfellet nytte av evna forskarar har til å dyrke organoid i laboratoriet, ein temmeleg ny teknologi som lèt vitskapsfolk studere det som essensielt er mini-gjenskapingar av individuelle organ.»
I løpet av sine korte liv blir minihjernane bokstavleg tala lært opp til å utføre visse oppgåver ved å bruke mot dei eit premie- og straffesystem:
«Forskarar gjer dette ved å lære opp organoida gjennom eit premiesystem. Organoida blir premiert med dopamin, nevrooverføringsstoffet som er ansvarleg for nyting (og avhengigheit).
Samstundes blir organoida som ‘straff’ eksponert overfor kaotiske stimuli, slik som ikkje-jamleg elektrisk aktivitet.»
Dersom dei slavebundne minihjernane gjer det dei er meint å gjere, blir dei premiert med mykje nyting.
Dersom dei slavebundne minihjernane ikkje gjer det dei er meint å gjere, blir dei bombardert med mykje «ikkje-jamleg elektrisk aktivitet».
Med andre ord blir desse miniatyr-menneskehjernane torturert heilt til dei lærer seg å lyde.
Å lese dette burde bokstavleg tala gjere deg dårleg.
Det desse vitskapsfolka gjer er so utruleg vondskapsfullt.
Final Spark hevdar at miniatyr-menneskehjernane bruker «ein million gonger mindre kraft enn sine silikon-motstykke»:
«Det sveitsiske teknologiselskapet Final Spark har vellykka lansert Nevroplattforma, verdas fyrste bioprosesseringsplattform der menneskehjerne-organoid (laboratoriedyrka miniatyrversjonar av organ) utfører datamaskinoppgåver i staden for silikonchippar.
Den fyrste fasiliteten av dette slaget inneheld prosesseringskrafta til 16 hjerne-organoid, som selskapet hevdar bruker ein million gonger mindre kraft enn sine silikon-motstykke.»
Final Spark håper at deira nye «teknologi» vil bli den primære energikjelda for KI-revolusjonen.
Fordi på dette punktet bruker det å lære opp KI-modellar ei kolossal mengd konvensjonell energi:
«Ifølgje estimata til Final Spark, brukte opplæring av den populære språkmodellen GPT-3 som dreiv ChatGPT i sine fyrste dagar, åleine 10 GWh med energi. Dette er utrulege 6000 gonger meir energi enn ein gjennomsnittleg europeisk by bruker i løpet av eit heilt år.
Å erstatte silikonchippar med bioprosessorar kan føre til drastiske energi-innsparingar. Final Spark lèt forskingslaboratorium oppleve krafta til biologiske prosessorar på Nevroplattforma.»
For mange menneske der ute kjem dette til å høyrast fabelaktig ut.
Final Spark insisterer at prosessoren som dei har skapt vil bruke ein million gonger mindre energi samanlikna med ein normal silikonchip.
Der er berre eitt enormt problem.
Minihjernane driv og døyr og må jamleg bli erstatta.
Fyrst døydde dei «etter berre nokre timar», men no lever dei tydelegvis i opptil 100 dagar:
«Final Spark stod overfor mange utfordringar i sine tidlege år, sidan organoida døydde etter berre nokre timar. Selskapet har jobba med denne feilen og forbetra sine MEA-system for å sikre at organoida lever i 100 dagar.»
Dei får bokstavleg tala desse «organoida» til å jobbe seg i hel.
Dei blir kopla til elektrodar og må arbeide heilt til dei ikkje kan arbeide lenger:
«Final Spark har gjort arbeid med desse ulike komponentane mogleg gjennom eit nyskapande oppsett kalla Multi-Electrode Arrays (MEA-ar) [«multi-elektrode-rader»], der dei tredimensjonelle massane av hjernevev blir plasserte.
Kvar MEA har fire hjerne-organoid som er kopla til eit grensesnitt av åtte elektrodar. Desse elektrodane utfører både rolla å stimulere organoida og registrere dataa som dei prosesserer.
Dataoverføring blir gjort gjennom digital-analoge konverterar med ei 16-bit oppløysing og ein frekvens på 30 kHz. Eit mikro-væskesystem held MEA-ane i live, og kamera kan overvake heile operasjonen.»
Har du nokosinne sett The Matrix?
Eg vart mint på denne filmen då eg undersøkte alt dette.
Akkurat som i den filmen, so driv menneskeenergi heile systemet.
Og akkurat som i den filmen, er dei som driv systemet slavebundne.
Skaparane av «Nevroplattforma» insisterte at dette er fullstendig greitt, fordi minihjernane ikkje er sansande vesen.
Om det er sant eller ikkje, er det dei gjer framleis veldig feil.
Å skape miniatyr-menneskehjernar og bruke dei til å drive ei datamaskin kan vere ein måte å spare mykje energi, men det illustrerer òg kor djupt samfunnet vårt har sokke.
Vi kryssar linjer som aldri burde bliu kryssa, og til slutt vil vi betale ein særs høg pris for brotsverka som våre vitskapsfolk utfører.
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
