Moskva seier Washington er ansvarleg for dødeleg Krim-åtak som drap barn på stranda

Ethan Huff i Natural News melder:

I ei melding frå Forsvarsministeriet i Den russiske føderasjonen vart det avslørt at det amerikanske militær-industrielle komplekset er ansvarleg for det nylege ukrainske missilåtaket mot byen Sevastopol på den russiske Krim-halvøya.

Åtaket, som involverte fem USA-forsynte ATACMS langrekkjevidd-missil utstyrt med høgt kontroversielle klase-stridshovud, drap minst fire menneske, der to av dei var barn. Ytterlegare 120 vart skadde av åtaket.

Hendinga fann stad på Krim-halvøya sundag 23.juni. Russisk luftforsvar øydela fire av ATACSM-missila, medan den femte trefte etter å ha kome ut av kurs og detonerte over Svartehavs-hamnebyen Sevastopol.

Ifølgje rapportar trefte fallande fragment av klynge-ammunisjon folkemengder og resulterte i fleire skadar og dødsfall blant sivile, inkludert nesten 30 barn.

«Alle flyoppdraga til… ATACMS-missila blir tildelt av amerikanske spesialistar med grunnlag i deira eigne amerikanske satellitt-etterretningsdata,» sa Forsvarsministeriet i ei melding. «Difor ligg ansvaret for det forsettlege missilåtaket på sivile i Sevastopol primært på Washington, som forsynte desse våpena til Ukraina, so vel som Kiev-regimet, sidan åtaket vart lansert frå deira territorium.» […]

Russland kjem ikkje til å late Sevastopol-åtaket «forbli ubesvart»

Moskva lovde på lang veg gjengjelding for åtaket, og sa at åtaket ikkje kom til å «forbli ubesvart» no når russarane sit og pønskar på sitt neste trekk.

Trass tidlegare åtvaringar frå Russland, erklærte USA tilbake i juli 2023 at dei kom til å forsyne Ukraina med klasevåpen, til Moskva si store ergring.

«Desse våpena sender ut dusinvis av mindre bomber når dei blir detonerte,» rapporterte RT. «Småbombene, som vanlegvis blir spreidde over store område, kan halde seg ueksploderte i årevis og til og med tiår, og utgjer difor ein spesielt høg risiko overfor tett folkesette område.»

Meir enn 100 land har forbode klasevåpen, inkludert Storbritannia, Frankrike og Tyskland. USA, Ukraina og Russland kan på den andre sida fritt bruke dei, sidan dei aldri skreiv under på Konvensjon for klasevåpen, sjølv om Russland lovde i 2023 at dei ikkje skulle bruke dei mot Kiev.

Dette er ikkje fyrste gong at Ukraina har brukt Krim som mål med USA-laga ATACMS-missil. Tilbake i mai rapporterte den russiske forsvarsministeren Andrej Belousov at det russiske militæret skaut ned 10 ATACMS-ar som hadde valt seg ut den strategiske Krim-brua som mål.

Same månaden rapporterte amerikanske medieformidlarar at Washington hadde gjeve grønt lys for at USA-forsynte våpen skulle bli brukt i Ukraina sine grensekryssande åtak inni russisk territorium. Godkjenninga gjaldt opphavleg berre den nordaustlege Kharkiv-regionen, men Pentagon utvida seinare godkjenninga for åtak til å òg gjelde utanfor det området.

Den russiske presidenten Vladimir Putin åtvarar samstundes stadig at Ukraina sin bruk av vestlege våpen inne på russisk territorium «ligg nær aggresjon».

«Alt dette minner meg på korleis ICC var ivrige etter å setje Russland på lista då passasjerflyet MH17 vart treft av eit missil,» skreiv ein lesar i kommentarfeltet på RT. «Vil dei no plassere USA på denne lista òg?»

«Nokon gav flyruta til ukrainarane på bakken. Dette er udiskutabelt eit krigsbrotsverk,» skreiv eit anna individ.

Ein annan skreiv at Putin «ikkje ser ut til å ville gjere noko», sidan han held fram med å kome med åtvaringar medan han ikkje gjer særleg mykje i respons til brot på desse åtvaringane frå Vesten.

«Han trur at det å skrive under på forsvarsavtalar med Nord-Korea eller Vietnam er nok,» skreiv denne personen. «Det er det ikkje. Vesen frå EU og Kiev-regimet som tek del i eller støttar desse handlingane, må byrje å betale ein personleg pris.»

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget