Sean Adl-Tabatabai på nettstaden The People’s Voice skriv:
Etter å ha tvinga folket til å gå med munnbind og ta mRNA-sprøyter under plandemien, vil New York-guvernør Kathy Hochul no kriminalisere dei som går med munnbind på offentleg stad.
Under eit intervju med CNN, vart guvernør Hochul spurt om ho støtta kravet frå jødiske leiarar om å forby munnbind på T-bana i New York. Leiarar slik som regionaldirektør i Anti-Defamation League, Scott Richmond, hevdar at der har vore ein auke av antisemittisme frå anti-Israel-demonstrantar, og at å innføre lover mot munnbind kan redusere denne åtferda.
Natural News rapporterer: Enkelte av hendingane som jødiske leiarar viser til i sitt krav om munnbindforbod, inkluderer eit individ under ein demonstrasjon på Union Square som sa at han ønskte at «Hitler framleis var her» for å utslette det jødiske folket, og ei vandalismehending der raudmåling vart kasta på heimane til direktøren av Brooklyn-museet og jødiske styremedlemmer.
Leiarane ber no at New York gjeninnfører sine anti-maskelover, som vart oppheva under pandemien for å tilpassast munnbindpåboda; lova hadde tidlegare forbode forsamlingar av menneske som brukte masker for å skjule ansikta sine, med ei straff på 15 dagars fengsel. Å gjenopprette den, seier dei, vil tyde at demonstrantar ikkje kan oppføre seg anonymt og dermed unngå straff [dersom dei gjer straffbare handlingar under demonstrasjonen; oms.an.].
Hochul sa til CNN at ho vurderte å gjeninnføre forbod mot masker på T-bana, ein ståstad ho gjentok under ein nyheitskonferanse i Albany [hovudstaden i delstaten New York; oms.an.], der ho sa at New York-tenestepersonar «ikkje kom til å tolerere at individ brukte masker for å unngå å bli haldne ansvarlege for kriminell eller trugande åtferd».
Det er ein interessant ståstad for nokon som kjempa so hardt for å tvinge folk til å gå med munnbind for berre nokre år sidan. Under pandemien erklærte Hochul at alle frå to år og oppover som var medisinsk i stand til å tolerere munnbind, måtte gå med det på alle innandørsstader om dei var vaksinerte eller ikkje, med mindre den gjeldande staden kravde vaksinasjonsbevis for å få kome inn der. Individ som braut dette påbodet ville få ei bot på 1000 dollar per brot.
Munnbindpåbod vil bli utfordrande å handheve
Hochul erkjende at der kan vere «legitime grunnar» til at folk går med munnbind på T-bana, alt frå covid-19-bekymring til religiøse synspunkt, og sa at slike individ ville få unntak frå forbodet.
«Du kan sanneleg seie at der vil bli større unntak,» sa ho.
Denne typen blanda bodskap – å gå frå munnbindkrav til eit regelrett forbod – er ingenting nytt for liberale, og fornuft ser ut til å ha blitt kasta ut vindauget når det gjeld å for ein kvar pris forfølgje folk som er kritiske overfor Israel, men det er ikkje tydeleg korleis denne regelen kjem til å bli handheva; nokon som verkeleg ønskjer å skjule sin identitet kan rett og slett hevde at dei har medisinske eller religiøse grunnar til å gå med munnbindet.
Det er ikkje kjent kor langt Hochul kan kome med eit slikt tiltak, med tanke på at lovforsamlinga i New York avslutta sin 2024-seanse tidlegare denne månaden; lovgjevarar vil ikkje kome tilbake igjen før i januar.
Michael Gianaris, vise-majoritetsleiar i New York-delstatssenatet (Demokrat frå Queens), sa at han ikkje er sikker på korleis ein slik regel kan fungere.
«Eg trur guvernøren har kome seg sjølv i forkjøpet. Dette er ikkje noko som i alvor har blitt diskutert med lovforsamlinga. Eg trur det er eit svært alvorleg forslag med alle slags konsekvensar som han vere urelaterte til det ho prøver å kome fram til,» sa han, og la til at ideen om å overvake det folk går med på offentleg transport var «fullt av risiko».
New Yorks generaladvokat Letitia James erklærte i ei nyleg melding at ho er «i diskusjonar» med Hochul om å innføre munnbindpåbodet.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig. Det er verdt å merke seg at på engelsk kan «mask» vise både til munnbind og maske, og at lovverket er bevisst tvitydig om det gjeld medisinske munnbind, karnevalmasker eller kva som helst slags stykke ein kan dekkje ansiktet med.
