Ukraina hevdar at åtak på folketett strand som drap sivile var riktig fordi dei var «okkupantar»

Cassie B. i Natural News rapporterer:

Ukraina hevdar at dei russiske sivile som dei drap på Krim med missil med klaseammunisjon sundag 23.juni var «okkupantar», og antydar at drapet på dei difor på eit eller anna vis kunne rettferdiggjerast.

Dette er ifølgje kommentarar frå Mykhailo Podolyak, ein rådgjevar for den ukrainske presidenten Volodymyr Zelensky og kontoret hans. I sine kommentarar forsvarte Podalyak det ukrainske åtaket på stranda i Krim-hamnebyen Sevastopol ved Svartehavet.

«Der finst og ikkje og kan ikkje finnast nokon ‘strender’. ‘turistsoner’ og andre kunstige teikn på ‘fredeleg liv’ på Krim. Krim er definitivt eit utanlandsk territorium okkupert av Russland, der fiendtlegheiter finn stad, og ein fullskala krig går føre seg,» skreiv Podolyak på sin Telegram-kanal.

USA og NATO ser på Krim som «ulovleg annektert» ukrainsk territorium. I mellomtida ser Russland på Krim-halvøya som retteleg russisk land som dei har hatt sidan tsar-tida og Det russiske imperiet.

Det russiske forsvarsministeriet rapporterer at Kiev fyrte av fem ATACMS-missil forsynt av USA mot Sevastopol sundag. Sjølv om russiske luftforsvarssystem greidde å øydeleggje fire av dei medan dei framleis var i lufta, fekk den femte skade før den skifta kurs og detonerte eit klase-stridshovud over ei strand som var smekkfull av badegjester.

Minst fire sivile er døde, der to av dei var barn, og meir enn 150 vart skadde. Ei eldre kvinne som hadde sumt i sjøen då åtaket fann stad, var òg blant dei drepne. I opptaksmateriale som har blitt delt på sosiale media, kan ein sjå panikkslegne turistar flykte stranda og søkje dekning.

Podolyak la til: «Krim er òg ein diger militærleir og eit lager, med hundrevis av direkte militære mål, som russarane kynisk prøver å kamuflere og dekkje over ved hjelp av sine eigne sivile.»

Han sa òg at Kiev ser på desse sivile som «okkupantar».

Det er den same typen retorikk som Israel har brukt for å forsvare drapa på palestinarar. Då Podolyak sa at Krim essensielt er ein «diger militærleir» full av ål som russiske styresmakter gøymer bak sivile, høyrdest det mykje ut som det Israel har sagt at Hamas gjer for å rettferdiggjere det sjokkerande talet sivile som det israelske militæret har drepe i Gaza. […]

Russland lover å halde USA ansvarleg for åtaket

Kreml kasta ikkje vekk tid, stempla handlinga som terrorisme, og peikte på at som dei som forsynte missila, har USA blod på hendene sine.

Den russiske utsendinga til USA, Anatoly Antonov, sa: «Klasevåpen i ATACMS-missil kan ikkje bli lansert utan deltaking av amerikanske spesialistar og støtte frå amerikansk etterretning. Det er ikkje tilfeldig at fiendedronar surrar i lufta over Svartehavet nesten kvar dag.»

Sevastopol er jamleg eit mål for ukrainsk eld, og ein trur at det uvanleg høge dødstalet og skadetalet er relatert til mangel på flyalarmar før åtaket.

Det russiske forsvarsministeriet har allereie tilkalla den amerikanske ambassadøren Lynne Tracy til å svare for åtaket, og seier til ho at den «blodige skrekken» ikkje kjem til å «forbli ustraffa».

«Der vil definitivt kome responstiltak,» sa dei.

I tillegg til å forsyne våpena, held Russland fast på at amerikanske spesialistar stilte inn koordinatane til missila basert på informasjon samla inn av amerikanske spionsatellittar.

Kreml hadde tidlegare slått fast at USA si nylege avgjerd om å late Ukraina brukte amerikansk-forsynte våpen for å råke mål inne på russisk territorium, ville påkalle «konsekvensar» og kunne føre til eskalering av kampane.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

2 comments

Kommenter innlegget