Danmark skal byrje å skatteleggje fisande kyr

Russia Today (RT) melder:

Danmark er i ferd med å innføre ein ny skatt for bønder knytt til drivhusgassar produsert av husdyra deira, har skatteleggingsminister Jeppe Bruus erklært. Avgifta på utslepp frå kyr, grisar og sauer vil bli innført frå og med 2030 ifølgje ministeren.

Den nye skatten er venta å vesentleg bidra til landet sitt mål om å redusere utslepp med 70% frå 1990-nivå innan slutten på tiåret, so vel som å éin gong for alle oppnå karbonnøytralitet, forklarte Bruus.

«Vi skal ta eit stort steg nærare det å vere klimanøytrale i 2045,» slo ministeren fast, og lovpriste tiltaket som ein måte for Danmark å bli «det fyrste landet i verda som innfører ein ekte CO2-skatt på landbruket».

Husdyrbønder vil bli skattelagt 300 danske kroner [458 norske kroner per dagens valuta] per tonn karbondioksid eller tilsvarande som blir produsert av dyra deira. Derimot vil dette fyrst bli gjenstand for eit fråtrekk i inntektsskatten på 60%.

Dette tiltaket er venta å råke mjølkebønder mest, med tanke på at den gjennomsnittlege danske kua produserer rundt seks metriske tonn CO2 kvart år, der grisar og sauer slepper ut vesentleg mindre gass.

Landet er ein større produsent av landbruksdyr, der deira noverande kveg tel nærare 1,5 millionar, ifølgje Statistic Denmark. Det vil utgjere meir enn 400 millionar dollar [4,26 milliardar norske kroner] i året i karbonskatt.

Den nye skatten skal etter planen stige enno meir, og nå eit mål på 750 danske kroner per tonn innan 2035.

Mjølkelandbruk er rekna for å vere ein større bidragsytar til menneskerelatert drivhusgass-produksjon. Ifølgje estimat frå FNs Miljøprogram, utgjer husdyr rundt 32% av metanutslepp forårsaka av menneskeleg aktivitet.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget