Orbán seier at Tyskland ikkje lenger luktar det same

Jack Montgomery på nettstaden The National Pulse rapporterer:

Den ungarske statsministeren Viktor Orbán trur masseinnvandring permanent forvandlar Tyskland. Han oppmodar ungararar til å seie «nei» til ei liknande forvandling av deira eige land – sidan dei ikkje kan reversere det om det viser seg å vere ein feil.

I ein samtale med ungarsk radio i Tyskland, der han møtte dei hardt medfarne kanslaren Olaf Scholz, sa Orbán: «Vi sit her i Tyskland, so dersom eg samanlikna det noverande Tyskland med det som var for ti år sidan, so ser det ikkje likt ut, det smaker ikkje det same, det luktar ikkje det same.»

«Om ein ser på heilskapen, er ikkje dette Tyskland det Tyskland som våre besteforeldre og våre foreldre brukte å bruke som døme for oss, då dei sa: ‘Sonen min, dersom du ønskjer å sjå ein hardtarbeidande person, reis til Tyskland. Dersom du ønskjer å sjå velorganisert arbeid, gå til Tyskland. Dersom du ønskjer å sjå orden, då der kor der er orden…’ No er dette Tyskland ikkje lenger det landet,» heldt han fram.

«Det er ei fargerik, forvandla, multikulturell verd der migrantane som kjem inn ikkje lenger er gjester i landet,» sa Orbán. «Dette er no deira land òg, og det blir i stadig større grad deira.»

Ingen veg tilbake

Orbán seier at endringane i Tyskland har blitt drivne av venstreorienterte regjeringar ‘som gjev hurtig-borgarskap, arrangerer familiegjenforeining (kjede-migrasjon), og kva som helst anna.» Han åtvarar at dette «har alle slags konsekvensar, fordi no eit spesifikt kulturelt miljø har dukka opp her i Tyskland».

Orbán hugsa at då fleire hundre tusen migrantar byrja å marsjere gjennom Ungarn i 2015, bestemte han seg for at han skulle byggje ein mur og hindre dei i å kome dit, «elles ville ikkje Ungarn lenger vere eit ungarsk land».

Han la vekt på at «dersom du gjer ein feil i migrasjonspolitikk éin gong, kan du ikkje omgjere den seinare.» Han forklarte at økonomi- og sosialpolitikk kan rettast på, «men migrasjon er eit av dei få områda der du, so fort du har gjort ein feil, aldri kan gjere det rett igjen.»

Utlendingar utfører no 58,5% av alle valdelege brotsverk i Tyskland, trass at dei berre utgjer 14,6% av befolkninga. Meir enn 60% av velferdsmottakarar har innvandrarbakgrunn.

Tidlegare denne månaden bøtela EU Ungarn fleire hundre millionar euro på grunn av landet sin strenge grensepolitikk.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget