Ungarn hoppar av NATO-toget og kallar vestleg krigseskalering i Ukraina for «vonlaus»

Ethan Huff i Natural News rapporterer:

Det er ingen måte for Vestens krig mot Russland å oppnå siger, ifølgje den ungarske statsministeren Viktor Orbán, som i eit nyleg intervju kalla situasjonen «vonlaus».

Det einaste som vil bli oppnådd om bombene held fram med å dundre i marka, er enno meir død og øydelegging i begge land, sa Orbán. Sjølv om Vesten på eit eller anna vis er i stand til å «lykkast» på eit tidspunkt, vil kostnaden i blod og forræderi bli so høg at heile oppdraget blir eit nederlag.

«Situasjonen ser ut som at den vestlege verda ønskjer å slå Russland med hjelp frå Tyskland under leiarskapen til USA,» sa Orbán.

«Eg trur dette er vonlaust. Og sjølv om vi lykkast, som ikkje er realistisk i det heile, vil vi måtte betale ein sopass høg pris at det ikkje er verdt det.» […]

NATO forårsaka krig mot Russland med territorieekspansjon

Krigen ville ikkje eingong ha skjedd om NATO ikkje hadde utvida territoriet sitt heilt til dørstokken til Russland, sa Orbán vidare. Russland hadde ikkje noko val enn å lansere ein spesial-militær operasjon, som vart følgt av eit våpenkvile-forslag som Ukraina avviste.

«Til slutt er spørsmålet om Ukraina vil bli medlem i NATO eller ikkje,» sa Orbán, og la til at Russland vil berre stoppe krigen dersom Ukraina gjev opp håpet sitt om å bli med i den vestlege militæralliansen.

«Krigen handlar om Sevastopol, der det vil henge eit NATO-flagg eller eit russisk flagg ved utgangen til Svartehavet. Russarane seier at det russiske flagget heng der no, og dei ønskjer ikkje å byte det ut med eit NATO-flagg, og dei ønskjer ikkje å grense mot NATO-land.»

I separate ytringar gjevne til den ungarske kringkastaren Radio Kossuth, gav Orbán hint om at NATO kanskje planlegg å lansere eit militæroppdrag i Ukraina, men at Ungarn ikkje ønskjer å ha noko som helst med det å gjere.

«Eg har sagt meg einig med generalsekretæren i NATO: NATO skal ha eit militæroppdrag i Ukraina,» sa Orbán i det intervjuet, «men Ungarn vil ikkje ta del i det, ikkje eingong med pengar.»

Orbán sa òg at Ungarn hoppar av NATO sitt eskalerings-«tog», som er god timing no når Brüssel og Washington har gjeve grønt lys for bruk av vestlege våpen for åtak inne på russisk territorium – dette er ei av dei «raude linjene» til Moskva som dei bad Vesten om å ikkje krysse.

«Lokføraren kunne ikkje overtydast, og no kan berre Trump stoppe toget,» sa Orbán om det komande presidentvalet i USA.

Orbán, som la press på den neste NATO-sjefen, sa at verken den siste eller den neste «skal leggje press på Ungarn» om å gjere noko dei ikkje ønskjer å gjere.

«Orbán er den mest fornuftige personen der nest etter Putin,» uttrykte ein lesar i kommentarfeltet om situasjonen. «Eg hatar regjeringa vår djupt og inderleg, men heile familien min trur framleis at Putin er særs vond og ønskjer å kontrollere verda.»

«Dei kan ikkje få det inn i dei tjukke hovuda sine at vi [USA] er dei som ønskjer å kontrollere verda, ikkje Putin – suppehovud! Eg elskar dei alle, men eg held ikkje ut med dei so veldig mykje.»

«Erdogan vil følgje etter – det er eg sikker på,» skreiv ein annan, og viste til statsoverhovudet i Tyrkia som vart med Ungarn i å opponere mot den vedvarande NATO-eskaleringa av krigen mot Russland. «NATO har gjort verda til ein farlegare stad. NATO er den aggressive parten, ikkje Russland.»

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget