Den nye generalsekretæren til NATO er nok ein mislykka europeisk globalist

Christopher Tomlinson på nettstaden The National Pulse melder:

Den nederlandske statsministeren Mark Rutte har blitt utpeikt som den neste generalsekretæren i NATO. NATO-ambassadørar bekrefta avgjerda under eit møte halde i hovudkvarteret til alliansen i Brüssel. Rutte skal gå inn i embetet 1.oktober, og etterfølgje Jens Stoltenberg, som har sete i stillinga i ti år.

«Herr Rutte skal gå inn i funksjonen som generalsekretær frå og med 1.oktober 2024, når perioden til herr Stoltenberg går ut etter ti år ved roret til alliansen,» sa NATO-tenestepersonar i ei melding etter erklæringa av utnemninga av den nederlandske leiaren.

Rutte har spelt ei vesentleg rolle i Europa si militærstøtte til Ukraina, og har uttrykt at det å slå Moskva er kritisk viktig for å etablere fred i Europa. Hans einaste konkurrent, den rumenske presidenten Klaus Iohannis, trekte seg frå løpet førre veke.

Trass hans tilsynelatande aggressive ståstad når det gjeld Russland, vart Rutte sett på som den minst aggressive etterfølgjaren til Stoltenberg. Hans kandidatur byrja å få fart på seg tidlegare denne månaden, då han sikra seg støtte frå Ungarns Viktor Orbán, trass spenningar mellom dei to.

Den nederlandske leiaren vart tvinga til å gå av som statsminister i Nederland etter hans forsøk på å avgrense migrasjon, som forårsaka friksjon i hans fireparti-koalisjonsregjering. Dette utløyste eit val der Geert Wilders – kjent for sine anti-islamistiske, euroskeptiske og anti-masseinnvandringssynspunkt – gjekk av med sigeren. Derimot har innbyrdes kampar mellom fleire populistar, høgreorienterte og senterorienterte politiske parti resultert i at Rutte held fram i regjering heilt til dei blir einige om ei løysing.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget