Legar har blitt statleg tilsette som blindt følgjer ordre frå djupstaten

Ethan Huff i Natural News melder:

Den britiske People’s Vaccine Inquiry [«folkets vaksineundersøking»] har byrja som respons på at den statleg leia U.K. COVID Inquiry har utsett si lovde gransking rundt Wuhan-koronavirus (covid-19)-«vaksinane» på ubestemt tid.

Etter at U.K. COVID Inquiry informerte tilbake i januar at deira planlagde Modul 4-høyring sommaren 2024 hadde blitt flytta, valde ei gruppe bekymra profesjonelle å gjere som Canadian National Citizens Inquiry, og lansere si eiga folkeinteresse-undersøking slik at folket kan få direkte tilgang til alle dei tilgjengelege ekspertvitnesbyrda.

Doctors for Patients U.K. leverte si eiga skriftlege melding til undersøkinga, og det gjorde òg dei følgjande legane:

  • Rådgjevande hjartelege og allmennlege dr. Dean Patterson
  • Kreftlege og professor Angus Dalgleish
  • Kirurgane T. James Boyle, Ian McDermott og Tony Hintonon
  • Psykiater dr. Ali Ajaz
  • Akuttmottakslege dr. Scott Mitchell
  • Allmennlegane dr. Kathy Grieg, dr. Caroline Lapworth, dr. Ayiesha Malik og dr. Tim Kelly […]

Legar er berre fotsoldatar i ein massiv kjemisk krig

Vitnesbyrdet til dr. Ajaz var spesielt verdt å merkje seg, sidan han har omfattande erfaring over fleire tiår som eit ekspertvitne i både straffesaker og sivilrettslege saker. Han jobba òg for det statleg styrte National Health Service (NHS) [det britiske offentlege helsevesenet; oms.an.].

Når dr. Ajaz dermed erklærer at covid-sprøytepåboda «var uetisk og vitskapleg uhaldbare», er det ei temmeleg svær greie – og det er òg denne artikkelen som han skreiv, som vart publisert av The Daily Sceptic.

«Viljen legar har til å trekkje seg til side og late dei veletablerte prinsippa rundt medisin-etikk bli trakka på av uvedkomande som har ingen moralsk autoritet til å gjere det, har ikkje fått skje utan at den allmenne befolkninga har lagt merke til det,» skriv dr. Ajaz. «Aldri før har der vore slik ein mistillit og skepsis retta mot legar og resten av det medisinske etablissementet.»

«Ei handfull legar har prøvd å snakke ut individuelt, for å følgje pliktene sine slik General Medical Council har sagt, om at legar skal handle med éin gong når dei ser at pasienttryggleiken blir kompromittert. Mange har fått øydeleggjande motbør frå kollegaer, overordna og hovudstraumsmedia.»

Dr. Ajaz åtvara òg at innåt i NHS er der ingen fridom til å stille spørsmål ved eller debattere nokon bekymringar som legar som bruker hjernane sine kan prøve å uttrykkje. Jobben til desse NHS-legane er rett og slett å lyde ordrar som soldatar, som er det mange av dei vart om til under covid-hysteri-åra.

«Førespurnader om open dialog med overordna figurar vart konsekvent møtt med defensive og avfeiande haldningar,» skriv han i artikkelen sin. «Forsøk på å kritisk vurdere evidensen som støtta ymse medisinske intervensjonar, vart systematisk hindra.»

«Historiske bekymringar reist av tidlegare medisinske studiar vart sett vekk frå, i favør av ei forteljing driven av autoritetar som mangla medisinsk ekspertise. Denne tilnærminga prioriterte konformitet og lydigheit over grunding vitskapleg undersøking og open debatt.»

I konklusjonen til sin artikkel, som vart sendt til undersøkingsteamet 10.juni 2024, forklarer dr. Ajaz tydeleg og enkelt at rolla til legar «i aukande grad har gått mot det å vere tilsette som å lystre direktiv frå konsernet og staten, ofte på kostnad av medisinsk autonomi og den vidare, holistiske vurderinga av pasienthelse.»

«Dette underminerer legen si evne til å vere forkjempar for langsiktige, berekraftige helseløysingar over umiddelbare, men potensielt skadelege intervensjonar,» åtvarar dr. Ajaz vidare.

Dersom du er interessert i å følgje People’s Vaccine Inquiry direkte, sjekk ut nettsida til gruppa. Dersom du sjølv er ein ekspert, kan du òg sende inn dine eigne vitnesbyrd til den same nettsida.

Moderne medisin har blitt alle spøkars spøk, har det ikkje?

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget