Kevin Hughes i Natural News rapporterer:
Maria Zakharova, talskvinne for det russiske Utanriksministeriet (MID), har åtvara Frankrike om gjengjeldingstiltak som respons på trugselen om «sanksjonar mot russiske diplomatar i Paris» frå det franske motstykket til ministeriet.
Tidlegare truga det franske Ministerium for Europa og utanlandsaffærar (MEAE) at kommentarar frå det russiske diplomatiske oppdraget i den franske hovudstaden når det gjeld sannsynleg utsending av franske militærrådgjevarar til Ukraina «ikkje kom til å skje utan konsekvensar». Ein MID-representant peikte spesifikt på at franske instruktørar som underviser ukrainske militærmedlemmer slik at dei betre kan utføre målretta åtak på russarar, vil bli eit legitimt mål «slik som i krigen» – noko som ikkje fall i god jord hjå MEAE.
Ifølgje Zakharova kom denne trugselen frå MEAE etter ei melding frå den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov. Sjefen hennar og Russlands toppdiplomat sa under ein pressekonferanse 4.juni i Republikken Kongo: «Franske instruktørar, dersom dei blir sendt til Ukraina, kjem til å bli eit legitimt mål for russiske væpna styrkar.»
Zakharova gjekk deretter ut på meldingsplattforma Telegram, der ho peikte ut MEAE-tenestepersonen som kom med trugselen mot det russiske diplomatiske oppdraget. Ho kom med tre alternativ som eit mogleg svar til stabsmedlemmen.
«For det fyrste er der framleis ein tradisjon for å stille spørsmål. For det andre er der framleis ein tradisjon for å stille spørsmål. For det tredje har vi den moglege døden til franske statsborgarar i Ukraina, som franske styresmakter tidlegare bestemt har nekta for,» sa Zakharova ifølgje ein reportasje frå Russia Today. «So vil eg leggje til alternativ D: Dersom våre diplomatar blir rørte, vil de få gjengjeldingstiltak.» […]
Det russiske nyheitsbyrået TASS siterte òg Zakharova med at Moskva hadde «bekreftelse… som kom frå rapportar om at Frankrike førebur utsending av sine soldatar til Ukraina,» og viste til opptrenarar. Tidlegare sa den russiske presidenten Vladimir Putin at der allereie var «spesialistar» i Ukraina «under dekke av å vere leigesoldatar».
Macrons kontor hevdar at der er ingen bevis for at franske operative er i Ukraina
Under 4.juni-pressebriefinga avfeia Lavrov òg «fredskonferansen» som vart sponsa av Ukraina som etter planen skulle finne stad i Sveits. Russland, som for tida okkuperer rundt 18% av ukrainsk territorium hovudsakleg i aust, vart ikkje invitert til konferansen.
«Denne konferansen i Sveits har inga meining,» sa han. «Den einaste meininga den kan ha er å prøve å ivareta denne anti-russiske blokka, som er i ferd med å falle saman.»
I mellomtida sa kontoret til den franske presidenten Emmanuel Macron 4.juni at dei ikkje kom til å kommentere det Lavrov hadde sagt. Dei la til at der var ingen bevis for at franske militærrådgjevarar var i Ukraina.
Men Macron sine kommentarar i medieintervju ser ut til å vere ei total heilomvending frå hans noverande meining. I eit intervju med bladet The Economist vurderte han moglegheita for å sende soldatar til Ukraina «dersom Kiev kravde det og dersom russiske styrkar braut frontlinja».
«Vi burde ikkje bli intimiderte; vi står ikkje overfor ei stor makt,» sa Macron til bladet. «Russland er ei middels makt med atomvåpen, men deira BNP er mykje mindre enn det til europearar, mindre enn det til Tyskland, mindre enn det til Frankrike.»
Han kom òg med den same meininga i eit intervju med avisa Le Parisien. «Det er mogleg at på eit eller anna punkt, og eg ønskjer det ikkje, ei heller vil eg igangsetje det, at det vil bli naudsynt å utføre operasjonar på bakken, kva enn dei kjem til å bli, for å motverke russiske styrkar,» sa den franske presidneten.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
