RT rapporterer:
Joe Biden burde bli erstatta som USA sin president, sidan han har vist at han «er uskikka til oppgåva» under debatten sin mot Donald Trump, seier speaker i Huset, Mike Johnson.
Prestasjonen til den amerikanske presidenten under sin fyrste valdebatt med Trump sist torsdag [27.juni 2024] vart breitt rekna som ein katastrofe. 81-åringen såg skrøpeleg og forvirra ut, strevde med å avslutte setningane sine, og blanda saman ord. Ifølgje mediereportasjar hadde Demokratane «panikk» etter debatten, og enkelte donorar har kravd at presidenten må droppast frå partiet sin valsetel 5.november.
«Eg ville òg ha fått panikk dersom eg var ein Demokrat i dag og dette var min kandidat. Eg trur dei veit at dei har eit alvorleg problem,» sa Johnson til journalistar på torsdag.
Republikanar-politikaren argumenterte at Biden ikkje berre burde trekkje seg frå kampanjen, men òg bli fjerna frå embetet med éin gong.
«Det er ikkje berre politisk. Det er ikkje berre Det demokratiske partiet. Det er heile landet. Vi har eit alvorleg problem her, fordi vi har ein president som på alle måtar ikkje er eigna til oppgåva,» sa han.
Johnson sa at Biden sin administrasjon kunne ha tvinga han til å gå av ved å påkalle det 25. tillegget [25th Amendment] – som slår fast at visepresidenten og kabinettmedlemmene kan stemme for å erklære presidenten «ute av stand til å utføre fullmaktene og pliktene som er knytt til embetet hans», noko som gjer visepresidenten til konstituert statsoverhovud. Dersom presidenten nektar å lyde, kan den endelege avgjerda bli teken av Kongressen. Tillegget har aldri før blitt brukt i amerikansk historie.
«Der er mange der ute som spør om det 25. tillegget, altso å påkalle det 25. tillegget akkurat no fordi dette er ein alarmerande situasjon,» la Hus-speakeren vekt på.
På grunn av Bidens mentale tilstand «ser motstandarane våre svakheita ved dette Kvite huset slik vi alle gjer. Det gjev meg inga glede å seie dette.»
«Eg trur dette er ein svært farleg situasjon… Og den må vurderast og handterast som dette. Og vi håper at dei vil gjere plikta si, slik vi alle prøver å gjere plikta vår til det beste for det amerikanske folket,» sa Johnson. «Eg ville ha spurt kabinettmedlemmene om å gå inn i hjarta sine.»
Resultatet av ei spørjeundersøking gjort av Morning Consult, publisert av nyheitsnettsida Axios sist fredag [28.juni 2024], antyda at 60% av veljarane meiner Biden «definitivt» eller «truleg» burde bli erstatta som Demokrat-presidentkandidaten etter hans skuffande prestasjonar i debatten.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
