Sean Adl-Tabatabai på nettstaden The People’s Voice skriv:
World Economic Forum-grunnleggjar Klaus Schwab overfall seksuelt fleire unge kvinnelege stabsmedlemmer, ifølgje ein ny reportasje i Wall Street Journal.
Under leiarskapen til Schwab fekk WEF «lov til å skape ein atmosfære» av seksuell trakassering og diskriminering mot kvinner og svarte personar, skreiv Wall Street Journal, og viste til talrike kjelder, inkludert noverande og tidlegare tilsette i Forumet.
InfoWars.com rapporterer: Ein heil gjeng av kvinnelege stabsmedlemmer skildra seksuell trakassering som dei opplevde frå senior-leiarar, der enkelte av dei framleis er i forumet, «ein tone som vart sett heilt frå toppen av organisasjonen», ifølgje WSJ [Wall Street Journal].
«Sidan dei tidlegaste åra i Forumet, seier stabsmedlemmer at kvinner vart åtvara om Schwab: Dersom du er åleine med han, kan han kome med ubehagelege kommentarar om utsjånaden din. Dei skildra åtferda hans som meir klein enn trugande, men upassande for ein leiar,» stod det i avisa.
Den tidlegare Forum-stabsmedlemmen Farid Ben Amor sa, for sin del, til WSF: «Det var urovekkjande å vere vitne til at kollegaer synleg trekte seg vekk etter all trakasseringa dei fekk frå dei i høge stillingar, der dei gjekk frå sosiale og muntre til sjølvisolerande, unngjekk augekontakt, og delte mareritt i fleire år etterpå.»
«Det er spesielt urovekkjande når ein kontrasterer det med kor ivrige og heiderlege mange av oss var då vi vart med i Forumet,» la Ben Amor til.
I separate hendingar brukte kvite leiarar visstnok å bruke N-ordet rundt svarte tilsette, som òg leverte formelle klagar på sine sjefar om å bli forbigåtte ved forfremjing eller haldne ute frå Davos.
Forum-talsmann Yann Zopf har i mellomtida avvist alle skuldingar, og insisterer at WSF-artikkelen bevisst feilkarakteriserer «organisasjonen, kulturen og kollegaene våre, inkludert grunnleggjaren vår», som «ikkje har og aldri har teke del i vulgær åtferd», skildra avisa.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
