Dénes Albert på nettstaden Remix News (her henta frå InfoWars) melder:
Det austerrikske Fridomspartiet (FPÖ), tsjekkiske ANO og ungarske Fidesz har danna ein ny høgreorientert koalisjon, erklærte dei høvesvise leiarane av partia under ein felles pressekonferanse i Wien sist sundag [30.juni 2024].
Den ungarske statsministeren Viktor Orbán, den tidlegare tsjekkiske statsministeren Andrej Babis og den austerrikske opposisjonsleiaren Herbert Kickl sa at dei håper at den nye alliansen til lokke andre til å bli med, og bli den største nasjonalistiske politiske gruppa i Europaparlamentet.
«I dag skaper vi ei politisk danning som vil ‘gå i gang og forme’ og særs raskt bli den sterkaste grupperinga og største faksjonen av det europeiske høgre,» sa Orbán.
Den ungarske statsministeren forventar at dette vil skje innan nokre dagar, og so «vil berre himmelen setje grenser».
Orbán peikte på at situasjonen i Europa er tydeleg, at europeisk politikk må endre seg og at ein treng endring i Europa.
Han understreka at i 20 av dei 27 EU-medlemsstatane, vann parti som lovde endring overfor borgarane Europaparlamentsvala.
Den ungarske leiaren avslørte at partia hadde teke til seg manifestet til Patriotane, som oppsummerer ideala og måla som dei driv og organiserer arbeidet sitt rundt.
Ifølgje Orbán er den europeiske økonomien oppe i ei krise, der vekta til den blir mindre og trugselen om terrorisme og migrasjon er konstant. Han åtvara om den pågåande krigen i Europas bakhage som den europeiske liberale eliten ikkje hadde greidd å hindre frå å bryte ut eller stoppe.
«I dag er ein historisk dag, sidan vi skal presentere gruppa av tre parti og deira representantar, som har som mål å få til ei politisk endring i Europa ved innvigingsseansen til Europaparlamentet i Strasbourg 16.juli. Det vil bli ein æra av fridom, suverenitet, fred, velstand og verdiar,» sa Herbert Kickl.
«Vi vil ikkje stå passive på sidelinja og sjå på framveksten av ein europeisk superstat der parlamenta i medlemsstatane degenererer til ei form for folklore, der suverenitet og sjølvbestemminga til individuelle statar berre er tomme ord. Vi ønskjer eit Europa som nok ein gong viser seg fram og utviklar seg med stoltheit, verdiar, tradisjonar og mangfald,» sa FPÖ-presidenten. Han la til at «Europa ønskjer ikkje å bli overlate til Macron, Von der Leyen eller eit eller anna venstreorientert eksperiment.»
På pressekonferansen la Andrej Babis vekt på at EU-miljøpolitikk burde ta meir til etterretning økonomisk utvikling, for å slik ikkje setje i fare konkurransedyktigheita til Samfunnet. Teknisk fornuftige, økonomisk levedyktige og sosialt rettferdige løysingar må bli funne.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
