Noreg skal lagre 82 500 tonn korn for å førebu seg på hungersnaud og krig

Cassie B. på Survival.news, ei adresse som høyrer til Natural News-nettverket, skriv:

Noreg tek store steg for å førebu seg på potensiell krig og hungersnaud i det landet sparkar i gang ein plan for å lagre korn.

I går [30.juni 2024] signerte finansminister Trygve Slagsvold Vedum og landbruksminister Geir Pollestad ein avtale med fire private selskap om å lagre 30 000 tonn korn i 2024 og 2025.

Dei involverte selskapa skal visstnok lagre kornet i eksisterande fasilitetar i heile landet, men det vil bli eigedommen til den norske staten.

I ei melding sa Landbruksministeriet: «Oppbygginga av eit lager av matkorn handlar om å vere førebudd på det utenkjelege».

Regjeringa sa at selskapa «står fritt til å investere i nye fasilitetar og avgjere sjølve kor dei ønskjer å lagre naudkornet, men dei må gjere kornet tilgjengeleg for staten ved behov».

Dei forventar tydelegvis ein potensiell forlenga krig eller hungersnaud sidan dei har tenkt å skrive under på fleire andre lagringskontraktar, som vil hjelpe dei å nå målet sitt om å lagre 82 500 tonn korn for ei befolkning på 5,6 millionar innan slutten på dette tiåret. Pollestad sa at ideen er å «ha nok korn for tre månaders forbruk for Noregs befolkning i ein krisesituasjon som kan oppstå».

Då han informerte om deira intensjon om å intensivere lagringsinnsatsen sin i fjor, sa Pollestad til NTB: «I ein situasjon med ekstreme prisar på verdsmarknaden, vil det framleis vere mogleg å kjøpe korn, men dersom vi har gjort jobben vår, vil vi ikkje bli so avhengige av den som byr mest på auksjonen. Vi kan hjelpe til med å halde prisane nede.»

Dette er ikkje fyrste gong Noreg har lagra korn; vi lagra det tidlegare på 1950-talet og heldt ved like eit vist nivå av lager, før vi stengde ned lagringsstadene i 2003 då det vart bestemt at det ikkje lenger var naudsynt å ha so mykje korn på lager.

Derimot ser Ukraina-Russland-konflikten ut til å ha fått dei til å endre meining. Ein kommisjon som dei etablerte for å analysere beredskapssystemet, tilrådde å byrje å lagre korn igjen.

Er Noreg eit mål for Russland?

Noreg har drive og støtta Ukraina, som kan gjere det eit mål for Russland, ein situasjon som vart gjort endå meir komplisert av Noregs oljeforsyning. Sjølv om Russland kanskje ikkje vil gå til openlyst åtak på Noreg, har ein bekymra seg for at dei kan angripe deira energiinfrastruktur for å essensielt tvinge Europa til å kjøpe naturgass og olje frå Russland.

Forsvarsselskapet Kongsberg opna nyleg ein ny missilfasilitet i Noreg, berre nokre månader etter at landet erklærte at dei skulle nesten doble pengebruken på forsvar i åra som kjem, som respons på trugslar frå Russland.

Enkelte analytikarar trur at Noregs demilitariserte øygruppe Svalbard kan bli eit mål, med tanke på deira tvitydige NATO-status, som tydar at eit åtak kanskje ikkje kjem til å utløyse NATO sin klausul om kollektivt forsvar. Området er del av den vestlege inngangsportalen til Nordishavsruta, og inneheld betydelege mengder kol.

Svalbard er òg staden der Global Seed Vault, verdas største lager for frø, ligg, der meir enn ein million prøvar frå ulike typar frø har blitt lagra av organisasjonar frå heile verda for å tene som eit «dommedagslager» for deira eigne samlingar, i tilfelle dei av ein eller annan grunn blir kompromitterte.

I februar sa forsvarsminister Bjørn Arild Gram at landet må vere førebudd på ein potensiell konflikt med Russland sjølv etter at Ukraina-situasjonen går over, dette på grunn av bekymringar for gjengjelding som respons på at Sverige og Finland har blitt med i NATO.

«Vi må vere i stand til å respondere på ein passande måte og saman med allierte,» åtvara han.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget