Anti-familie-sommarleir: Kanadisk universitet sponsar transvestittkurs for barn på aude øy

Laura Harris i Natural News rapporterer:

Eit kanadisk universitet skal etter planen sponse transvestittkurs [drag classes] for mindreårige på ei avsidesliggjande øy.

Universitetet i British Columbia (UBC) skal sponse anti-familie-LGBT-sommarleiren ved namn «UBC CampOUT» ved Camp Fircom på Gambier-øya frå 4. til 7.juli. Den avsidesliggjande øya, som ligg utanfor Vancouver, er berre tilgjengeleg med båt. Leiren – som har blitt driven sidan 2009 – går no etter potensielle skeive, trans-, two-spirit [«to-ånders»-] og allierte ungdommar mellom 14 til 21 år i British Columbia og Yukon-regionen.

Ei pressemelding frå UBC bekrefta at Daniel Gallardo, ein doktorgradsstudent ved utdanningsfakultetet på universitetet, skal halde kurs om drag performance [der menn framfører songar og liknande i damekle] og kjønnsidentitet til andre «drag-foreldre». Leiren skal òg tilby kjønnsrelaterte aktivitetar, inkludert drag-seminar, leiarskapsbyggjande moglegheiter og samfunnsengasjementsseansar. Gallardo er òg ei drag queen og framfører under namnet «Gaia Lacandona». […]

«Unge som stiller spørsmål ved kjønnsidentiteten sin blir oppmuntra til å bli med på ‘drag-seminar, leiarskapsbyggjande moglegheiter og samfunnsaktivitetar’,» sa Gallardo. «Eg vil at dei skal gje fast form til fantasiane sine og frigjere seg sjølve frå sosiale konstruksjonar som har blitt påtvinga identitetane våre, slik som kjønn og kjernefamilien.»

Vidare slår han fast at leiren har som mål å få barn til å «førestille seg at dei er kven enn dei vil», å late barn bli «frigjort» frå det den seier er «koloni-idear» slik som «kjernefamilien», saman med det biologiske faktum at der berre finst eit mannleg og eit kvinneleg kjønn. Ifølgje Gallardo, er eit av måla hans å få eit av «drag-barna» sine til å velje seg ut eit «drag-namn» under opphaldet i leiren.

Kanadiarar tek til motmæle mot LGBT-agendaen som har valt seg ut barn som bytte

Som respons på all denne indoktrineringa av ungdom, tek kanadiarar no til motmæle mot denne LGBT-agendaen.

Nyleg sa den kanadiske kliniske psykologen Jordan Peterson at LGBT-indoktrineringa i kanadiske skular «må stoppe», etter at ein bekymra borgar ved namn Chanel Pfahl la ut eit bilete av ein tredjeklasseelev på X, tidlegare kjent som Twitter, der vedkomande vart undervist om drag queens og drag kings. Klasserommet, som ligg på Tony Pontes Public School i Caledon, Ontario, viste ein presentasjon med tittelen «What is Pride Month?». Pfahl la til tekst på biletet, der ho hånande skildra det som tredjeklasseundervisning under Ontario sin delstatsminister Doug Ford.

Den bekymra borgaren og tidlegare ungdomsskulelæraren skreiv: «Kanskje fleire akademikarar og mindre av kva enn dette er kan vere ein god ting for [tredjeklassingar]? Kva synest du?» Ho vendte seg til utdanningsministeren i Toronto, Todd Smith.

Peterson svarte på innlegget til den bekymra borgaren i juni 2022, der han gav merksemd til både skulen og Ontario-delstatsministeren. «Dette må stoppe,» byrja han i svaret sitt på X. «K-12-systemet er nesten heilt i hendene på dei anti-liberale/anti-konservative radikale. Ein elendig langsiktig strategi for tradisjonalistar eller dei som rett og slett berre har sunn fornuft.»

Dette var ikkje fyrste gong at Peterson, professor emeritus ved Universitetet i Toronto, skjelte ut Pride-månaden. Han kom tidlegare med kommentarar om at Pride ikkje er ei «feiring av kjærleik», men ei «feiring av tilfeldig, hedonistisk, sjølvsentrert sex».

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget