Frykta det å vere mor kunne øydeleggje karrieren – kasta nyfødd baby ut av vindauge

Doug Mainwaring på nettstaden LifeSiteNews skriv:

Ein sjef hjå ein luksusbilprodusent som kasta si nyfødde dotter ut av eit vindauge i ei leilegheit fordi ho frykta at det å vere mor kunne øydeleggje karrieren hennar, har blitt dømt til fengsel i berre sju og eit halvt år.

Katarina Jovanovic (28) frå Lauffen am Neckar i Tyskland, vart, sjølv om ho vart sikta for mord, dømt for det mindre alvorlege brotsverket aktlaust drap i distriksdomstolen i Heilbronn 3.juli, ifølgje ein reportasje frå The Daily Mail.

Jovanovic, som hadde jobba som advokat for den verdskjende bilprodusenten Porsche og som visstnok hadde halde graviditeten sin hemmeleg, fødde i leilegheita 12.september 2023, for so å «misse» spedbarnet frå eit vindauge og rundt 3,6 meter [12 fot i originalartikkelen] ned på fortauet.

Ein skrekkslegen forbipasserande ringde politiet etter å ha oppdaga babyen – som hadde fått skallen knust av fallet – på fortauet under vindauget til Jovanovic.

«Den skulda var ikkje førebudd på å setje planane sine, spesielt hennar profesjonelle karriere, på vent for eit barn,» sa påtaleadvokat Mareike Hafendoerfer til retten. «Det var hennar avgjerd då babyen vart fødd, og som eit resultat er kriteria for ein morddom oppfylt.»

Forsvarsadvokatane til Jovanovic sa at ho i verste fall var skuldig i aktlaust drap fordi ho «ved eit uhell hadde mist» babyen ut av vindauget berre nokre minutt etter at ho hadde fødd det.

«Då ho plutseleg heldt den blodige babyen i armane, var ho i ein eksepsjonell psykologisk situasjon,» forklarte advokaten hennar Malte Hoech. «Det var eit uhell, ho miste babyen.»

«Korleis barnet kom seg over vindaugskarmen har enno ikkje blitt avgjort,» la Hoech til.

Dette hjarteskjerande spedbarnsdrapet av si eiga mor er langt frå ei isolert hending.

I 2020 vart ei kvinne i Queens, New York, arrestert for mordforsøk etter at ho kasta sin nyfødde son ut av baderomsvindauget, berre nokre minutt etter at han vart fødd.

Guten vart oppdaga av ein nabo som hadde høyrt klynking, og bestemte seg for å undersøkje. Ho fann babyen naken, framleis med navlestrengen festa, liggjande på bakken ved sida av søppelkonteinarane til bygningen.

I 2017 prøvde ei kvinne i California å spyle sitt nyfødde barn ned i eit toalett.

Tilsette på ein McDonald’s-restaurant vart bekymra etter at ein kvinneleg kollega ikkje kom tilbake etter å ha gått gjentekne gonger på toalettet.

Ein kollega, etter å ha sett blod og søl på golvet rundt båsen på toalettet der kvinna var, keik ho over skiljeveggen og såg ein nyfødd baby liggje med ansiktet ned i toalettskåla.

Kvinna som akkurat hadde fødd, hadde handa si på ryggen til babyen, ifølgje distriktsadvokatkontoret. «Tilsette høyrde deretter toalettet spyle ned.»

I begge desse tilfella overlevde babyane på mirakuløst vis prøvelsane sine.

I 2015 vart ei nyfødd jente gravlagt levande på elvebanken i Compton; ho overlevde å bli kasta vekk. I oktober 2013 vart ein død baby oppdaga i sekken til ein 17-årig tenåring mistenkt for butikktjuveri på Manhattan; same månad vart ein nyfødd funnen forlaten på bakken i bakgarden til eit hus i Queens. I august 2013 fødde ei mor inne på toalettet på ein utestad i Pennsylvania, forlét babyen sin i toalettvatnet, og gjekk tilbake til baren for å sjå ein kamp på TV.

I juni 2013 vart nyfødde oppdaga i søppelbøtter i California og Arkansas; same månad fødde ei mor på toalettet, kasta babyen i ein søppelpose, og kasta posen i ein konteinar. I mai 2013 kasta ein tenåring vekk sin nyfødde i søppelbøtta si. I mai 3013 prøvde ein Pennsylvania-tenåring å spylte ned babyen sin på skulen. I desember 2012 vart eit nyfødd barn funne på samlebandet på eit søppelsorteringsanlegg i California.

Fryktelege døme slik som desse held berre fram. Berre skriv inn «baby thrown away» [«baby kasta vekk»] på Google.

I ein dødskultur kan barn enkelt kastast vekk.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget