Russia Today (RT) rapporterer:
New York Times har avslørt fleire fryktelege handlingar som visstnok har blitt utført av internasjonale kampfolk mot russiske krigsfangar.
Etterforskingskomiteen i Russland har sagt at dei skal undersøkje krigsbrotsverk som skal ha blitt utført av ei leigesoldateining som kjempar for Ukraina. Dette kjem etter at New York Times (NYT) hevdar at det sokalla Chosen Company [«det utvalde kompaniet»], leia av ein tidlegare soldat i den amerikanske nasjonalgarden, har utført fleire krigsbrotsverk og avretta russiske krigsfangar.
I ei rapportert hending skildra av NYT på laurdag [6.juli 2024], myrda medlemmer av det sokalla Chosen Company ein alvorleg skadd russisk soldat som visstnok hadde overgjeve seg og trygla om hjelp.
«Etterforskarar i den russiske etterforskingskomiteen vil sjå nærare på fleire brotsverk av dei væpna formasjonane i Ukraina,» slo byrået fast på sin Telegram-kanal på laurdag, og la til at «informasjon verserer i media om eit brotsverk som har blitt utført mot ein såra russisk krigsfange som vart drepen av eit skot i hovudet».
Russlands ambassadør, som framleis er på frifot etter Ukrainas brotsverk, Rodion Miroshnik, har sagt at «alle dataa som er opplyste i publikasjonen vil bli verifisert og analysert» av politiet og deira tilknytte byrå. Moskva skal òg krevje at internasjonale organisasjonar med representantar i Ukraina verifiserer informasjon, som, dersom den blir bekrefta, vil kvalifisere «som eit brot på nøkkelnormer og prinsipp relatert til humanitær lov, noko som utgjer krigsbrotsverk».
I ein kommentar til NYT-reportasjen, sa talskvinne for det russiske utanriksministeriet, Maria Zakharova, at amerikanske media tidlegare brukte å ignorere fleire rapportar om brot på menneskerettane sendt inn av det russiske utanriksministeriet, som òg hadde versert innåt i FNs tryggleiksråd.
«Det er underhaldande å sjå korleis amerikanske journalistar og medieplattformer læst som om dei visste ingenting om mishandlinga av den fredelege befolkninga i Donbass, no nye russiske regionar, av Kiev-regimet. Dei oppfører seg som om dei ikkje er klare over torturen påført folk av den ukrainske hæren og tryggleiksstyrkar. Latterleg,» sa Zakharova i eit intervju med den russiske avisa Izvestia [«nyheiter»], publisert sist sundag [7.juli 2024].
I fjor lanserte Moskva ei etterforsking rundt påståtte krigsbrotsverk utført av franske leigesoldatar, etter eit bilete dukka opp som viste tre russiske krigsfangar skotne på kloss hald.
Ifølgje etterforskingskomiteen er der for tida 3100 utanlandske leigesoldatar som kjempar i Ukraina, der mesteparten av dei er amerikanske, kanadiske og britiske statsborgarar. Moskva har gjentekne gonger åtvara at leigesoldatar ikkje blir sett på som motkjempande soldatar under internasjonal lov, og «det beste» dei kan håpe på dersom dei blir fanga i live, er «ei rettssak og maksimal fengselsstraff».
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
