Whoopi Goldberg: «Eg bryr meg ikkje om at Biden skeit i buksa, sjølv skit eg i buksa heile tida!»

William Upton på nettstaden The National Pulse melder:

Hollywood-liberalen Whoopi Goldberg intensiverer støtta si til Joe Biden, trass at det for tida skjer offentlege avsløringar om hans kognitive forfall og forsøk på å skjule detaljar når det gjeld helsa hans frå det amerikanske folket. Under ABC si sending måndag av The View, dobla Goldberg innsatsen når det gjeld hennar val om å støtte 81-åringen som presidentkandidaten for Demokratane i 2024.

«Eg bryr meg ikkje om at Biden skeit i buksa. Eg bryr meg ikkje om at han ikkje kan setje saman ei setning. Vis meg at han ikkje kan gjere jobben sin, og då vil eg seie, okay, kanskje det er på tide å gå av,» sa Goldberg, som eigentleg heiter Caryn Elaine Johnson, til medvertane sine. På dette punktet vart 68-åringen sitt forsvar av Biden ein smule for personleg: «Eg har skitdagar heile tida. Heile tida. Eg trakkar i so mykje skit at de ikkje eingong kan førestille dykk det.»

«Vel, no styrer eg ikkje verda, men eg kjenner ikkje nokon som ikkje trakkar i eit eller anna på eit eller anna tidspunkt,» la Goldberg til.

Etter den katastrofale presidentdebatten 27.juni mot tidlegare president Donald J. Trump – der Biden framstod som kognitivt svekt og ute av stand til å svare på spørsmål frå moderator – har Demokratane intensivert krava sine om at Biden skal trekkje seg. Data frå spørjeundersøkingar viser i aukande grad at Biden taper stemmer til Trump i eit valskred, og veljarar seier i aukande grad at den kognitive helsa til 81-åringen er ei topp-bekymring.

Partileiarar hjå Demokratane, saman med større donorar, pressar på for at ein ny nominert skal overta reimane til partiet før den nasjonale Demokrat-konvensjonen i august. Derimot er den tidslinja for Goldberg altfor tidleg. «Dersom han ikkje kan gjere det han må gjere for den andre debatten, skal eg bli med i kvart eit team som seier at vi må bli kvitt han,» sa ho.

Den andre presidentdebatten skal etter planen bli halden 10.september, berre 56 dagar før valet.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget