Jonathon Van Maren skriv på nettstaden LifeSiteNews:
19.juni intervjua eg Roger Foley – ein kanadiarar med funksjonshemming – på min LifeSiteNews-podcast om hans stygge erfaring med eutanasiregimet i Canada. Igjen og igjen, sa han til meg, har han proaktivt blitt tilbode eutanasi, sjølv etter at han tilstod at han følte sjølvmordstrong. På sitt mest sårbare vart han ikkje tilbode den hjelpa han stadig har spurt om – og kjempar for i retten – men heller ein dødeleg injeksjon i staden.
Han er ikkje den einaste.
4.juli rapporterte Montreal CTV at Tracy Polewczuk, ei kvinne som lid av ryggmergsbrokk, òg fekk tilbod om «MAiD», eller «medical aid in dying» [«medisinsk bistand til å døy»] to gonger. Historia hennar er nesten identisk med den til Foley i alle detaljane. I 2022 braut Polewczuk det eine beinet i ei ulykke. Ryggmergsbrokk er ein fødselsdefekt som forårsakar svak beinstruktur, og det brotne beinet hennar vart aldri skikkeleg friskt igjen, noko som førde til konstant smerte og daglege besøk frå Pointe-Claire CLSC [ei slags privat heimesjukepleie; oms.an.]. Slik som Foley, seier ho at ho omsorga ho får ofte er prega av rutine og likesæle, og behova som ho gjev verbalt tydeleg uttrykk for, ikkje blir gjort noko med.
«Dei tek seg ikkje bryet med å spørje, eg meiner, dei veit kva eg heiter, men dei snakkar liksom ikkje til meg,» sa ho til CTV. «Det blir berre so upersonleg, og dei bryr seg ikkje. Du står opp når dei ber deg om det. Du går til sengs når dei ber deg om det. Du gjer det dei gjev deg beskjed om. Det er det. Du har null kontroll over ditt eige liv. Og eg har blitt skadd fleire gonger fordi folk ikkje vil høyre på meg. Smerte er jævleg. Det er vi alle einige om. Det er frykteleg. Eg har smerte døgnet rundt. Den sluttar aldri. Eg kan overleve det. Eg kan ikkje overleve å bli behandla som ein sekk med kjøt.»
Ektemannen hennar James sa til CTV at han ofte har vore redd for at omstenda hennar kan føre til sjølvmordsønske. «Eg måtte skjule eit visst legemiddel som vi har sopass mykje av at dersom ho tok det, ville det gjere slutt på livet hennar. Og eg gøymde det,» sa han. Det var då – på den tida Polewczuk var mest sårbar – at medisinske profesjonelle informerte ho at ho var «ein kandidat for medisinsk bistand til å døy». CTV rapporterer at det vart teke opp éin gong av ein sjukepleiar på rehabiliteringssenteret ved Ste-Anne’s Hospital, og ein andre gong av ein sosialarbeidar ved Verdun Hospital.
«Det kjennest ut som om vi blir dytta mot MAiD-programmet i staden for å få hjelp til å leve,» sa Polewczuk. «Eg ønskjer å overleve. Eg ønskjer å leve og blomstre. Eg vil ha livet mitt tilbake. Eg vil ha det motsette av det dei prøver å få oss til å gjere.» Det er nesten ordrett det som Roger Foley fortalde meg. Han ønskjer ikkje å døy, men han føler det som om dei rundt han ikkje ser på livet hans som verdt å leve og dermed dyttar han, varsamt, men bestemt, mot det endelege «valet» som ikkje kjennest ut som eit val for dei som er sårbare, som lid, og som er fullstendig avhengige av dei rundt seg.
Som ein kanskje kunne forvente, so avstod West Island Regional Health Authority frå å kommentere saka til Polewczuk då dei vart spurde, og sa berre at: «Reglane rundt medisinsk hjelp til å døy er særs strenge, og vi respekterer dei til punkt og prikke. Initiativet må alltid kome frå pasienten, ikkje pleieteamet.» Men som dr. Paul Saba, ein familelege, sa til CTV, blir forslag frå helsepersonell ofte oppfatta som tilrådingar:
«Kva er omstenda der desse personane har spurt etter det [MAiD]? Er desse menneska heime der dei ikkje får god nok pleie og omsorg, der dei ikkje får god nok hjelp? Min teori er at mange av desse menneska som har bede om og fått medisinsk hjelp til å døy, kan ha vore i omstende der dei ikkje hadde noko anna val.»
Historier som desse kastar eit illevarslande lys på det raskt stigande talet kanadiarar som døyr via eutanasi kvart år. Euthanasia Prevention Coalition rapporterte denne veka at der var rundt rekna 15 280 rapporterte eutanasi-dødsfall i 2023 – ein auke på meir enn 15% frå 2022.
Rapporten frå British Columbia Medical Assistance in Dying 2023 indikerer at der var 2767 eutanasi-dødsfall, opp 10%. Blant dei rapporterte var 2,4% på grunn av autoimmune tilstandar, 24,8% kronisk smerte, 9,8% diabetes, og 60,5% var på grunn av «skrøpelegheit».
Kor mange av desse var tilfelle slik som dei til Roger Foley eller Tracy Polewczuk?
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
