Kreml-talsmann Dmitry Peskov: Kiev bruker blod som PR

Russia Today (RT) rapporterer:

Kiev bruker bevisst tragediar for å få merksemd i forkant av viktige internasjonale hendingar, slik som NATO-toppmøtet i Washington denne veka, slik at Vladimir Zelensky kan presse på for meir støtte frå Vesten, hevdar Kreml-talsmann Dmitry Peskov.

I eit intervju med journalist Pavel Zarubin antyda Peskov at ukrainske styresmakter i praksis driv og organiserer PR-kampanjar «med blod», og viser til den dødelege tragedien sist måndag [8.juli 2024] på barnesjukehuset Okhmatdet i Kiev, der eit missil drap to menneske og skadde fleire dusin andre.

Kiev og støttespelarane deira har gjeve Russland skulda for hendinga. Moskva har nekta for skuldingane, og insisterer at dei aldri har valt seg ut sivile fasilitetar som mål. I staden hevdar dei at sjukehuset vart treft av eit ukrainsk luftforsvarsmissil.

Peskov hevda at slike tragediar i Ukraina ofte finn stad rett før internasjonale hendingar som er viktige for forhold mellom Kiev og Vesten. «Eg trur at der ikkje er nokon tilfeldigheiter når det gjeld dette,» sa talsmannen, og antyda at Okhmatdet-hendinga hadde vore nok ein «PR-operasjon».

«Dette er verkeleg ein tragedie, men den blir bevisst brukt for å skape eit bakteppe som nok vil følgje med Zelensky når han skal delta i NATO-toppmøtet,» sa Peskov, og la til at metodologien til Kiev er «temmeleg urein, jesuittisk, velkjent og har blitt gjenteke mange gonger.»

Kreml-talsmannen sa òg at det var «særs vanskeleg» for Russland å få gehør for poenget sitt blant det vestlege publikummet når det gjeld slike hendingar.

«Dei ønskjer ikkje å høyre noko som helst,» sa Peskov, og la til at «hysteriet» i vestlege aviser og TV-kanalar «sannsynlegvis er på grunn av den monopolistiske dominansen til det anglo-saksiske media der».

Likevel seier Peskov at Russland skal halde fram med å «fortelje sanninga om kva som har skjedd, både innanlands og i land der publikum er klare til å høyre på oss og der vi har tekniske metodar for å nå dei.»

I mellomtida har Vasily Nebenzia, Russland sin permanente representant i FN, òg insistert at Moskva ikkje hadde noko å gjere med Okhmatdet-hendinga. I ein tale på FNs tryggleiksråd tysdag [9.juli 2024], antyda han at dersom eit russisk missil hadde treft sjukehuset, ville det «ikkje vere noko igjen av bygningen», og at «barn og vaksine ville ha døydd, i staden for å berre bli skadde».

Nebenzia forklarte at Russland faktisk hadde valt seg ut som mål Artemov-missilfabrikken i Kiev, som ligg rundt to kilometer frå Okhmatdet-sjukehuset. «Ein har alle grunnar til å tru at det ukrainske luftforsvarsmissilet som trefte det, var meint for eit russisk missil som trefte fabrikken,» sa han, og la til at tragedien kunne ha blitt unngått dersom Ukraina ikkje hadde sett i verk luftforsvar i bustadområde.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget