Ethan Huff i Natural News rapporterer:
Marknaden for det populære vekttapslegemiddelet Wegovy (semaglutid) utvidar seg etter at Novo Nordisk, den danskbaserte farmasigiganten som produserer det, kom med nye påstandar om at den kontroversielle farmasøytiske injeksjonen visstnok òg bidreg til å hindre hjarteinfarkt, slag og tidleg død.
Høgst passande for selskapet, jobbar Wegovy visstnok mot ei rekkje hjarte- og karproblem som tilfeldigvis ser ut til å gå til himmels i samfunnet heilt sidan utsleppet av Wuhan-koronavirus (covid-19)-vaksinane under Trump-administrasjonen sitt militærprogram Operasjon Warp Speed.
Ifølgje Novo Nordisk vil det å ta Wegovy, eit legemiddel laga av giftstoff frå reptil, saman med «ein kaloriredusert diett og auka fysisk aktivitet», «lågne risikoen for større hjarte- og karhendingar».
«Vaksne som lever med overvekt eller sjukeleg overvekt og med kjent hjartesjukdom har auka risiko for ei ny større hjarte- og karhending,» påstår selskapet. […]
Korrupte FDA leverer ein fersk profitt-røyrleidning til Novo Nordisk
Novo Nordisk ville ikkje ha kunne utvide lista av Wegovy-brukarar om det ikkje var for det amerikanske Food and Drug Administration (FDA), som gav selskapet grønt lys for å starte å pushe legemiddelet for hjarterelaterte tilstandar.
FDA fungerer som eit stempel for legemiddelindustrien til å halde fram med å levere «banebrytande» nye legemiddel til marknaden kvar gong dei treng ein ny profittstraum. I våre dagar, derimot, ser Big Pharma ut til å rett og slett finne nye bruksområde for gamle legemiddel for å kunne generere nye profittstraumar.
Wegovy er spesielt kontroversielt fordi det, akkurat som Ozempic, som er det same legemiddelet under eit anna namn, forårsakar aldring av huda i ansiktet, i tillegg til at huda byrjar å henge – ein tilstand som på folkemunne er meir kjent som «Ozempic-ansikt».
Folk som utviklar Ozempic-ansikt blir no fortalt av det medisinske etablissementet at dei kan krevje «ansiktsfyllstoff» og andre «livsstilsmodifikasjonar» for å få sin tidlegare utsjånad tilbake.
Oladimeji Equmi i Medical News Today skreiv ein artikkel som vart medisinsk vurdert av Ami Patel PharmD, BCPS, som skildrar i vidare detalj naturen til Ozempic-ansikt, som får brukarar til å utvikle «ein uthola utsjånad» i ansiktet, so vel som «auka teikn på aldring i form av fleire linjer og rynker».
Fordi legemiddela går etter feitt, driv Ozempic og Wegovy òg og tærer vekk elastinet i huda som skaper ein ungdommeleg utsjånad, og etterlèt laus og hengjande hud.
Dr. Paul Jarrod Frank, ein kosmetikar og kjendis-dermatolog, har fått æra for å skape terminologien Ozempic-ansikt, etter at han byrja å behandle mange pasientar som utvikla det etter å ha teke legemiddelet.
«Ansiktsfeitt har ein beskyttande funksjon og påverkar ansiktsestetikk og -elastisitet,» skriv Equmi. «Vekttap kan forårsake dermatologiske endringar og krymping fordi feittet som strekkjer og fungerer som ei pute under skinnet ikkje lenger er der.»
«Huda i ansiktet misser òg evna si til å trekkje seg tilbake etter ein periode med raskt vekttap på grunn av reduserte nivå av elastin og kollagen, som er essensielle for den strukturelle integriteten.»
[Dette er grunnen til at særs overvektige som går ned til normalvekt, får laus og hengande hud på kroppen. Dette må som regel fjernast ved hjelp av kirurgi; oms.komm.]
Wegovy forårsakar kreft og svulstar på skjoldbruskkjertelen
På nettsida si for Wegovy, forklarer Novo Nordisk at der er andre «alvorlege biverknader» forårsaka av legemiddelet, som inkluderer «moglege svulstar på skjoldbruskkjertelen, inkludert kreft.»
«Gje helseteneste-tilbydaren din beskjed dersom du får ein klump eller svulmar opp i nakken, blir hås i halsen, får svelgvanskar, eller pustevanskar,» oppmodar selskapet. «Desse kan vere symptom på kreft i skjoldbruskkjertelen.»
Studiar på rotter avdekte at Wegovy og Ozempic fekk dyra til å bli sjuke av kreft i skjoldbruskkjertelen, som er grunnen til at Novo Nordisk åtvarar med lita skrift at folk med slik krefttype i familien eller ein hormonsystem-sjukdom ved namn Multiple Endocrine Neoplasia syndrome type 2 (MEN 2), burde unngå å ta det.
Andre alvorlege biverknader assosiert med Wegovy og Ozempic inkluderer:
- Betennelse i bukspyttkjertelen (pankreatitt)
- Galleblæreproblem inkludert gallesteinar
- Auka risiko for lågt blodsukker (hypoglykemi)
- Nyreproblem (nyresvikt)
- Alvorlege allergiske reaksjonar
- Synsproblem hjå folk med type 2-diabetes
- Auka hjarterytme
- Depresjon og sjølvmordstankar
Dei vanlegaste biverknadene assosiert med Wegovy inkluderer kvalme, diaré, oppkast, forstopping, magesmerter, hovudverk, trøyttleik (fatigue), uroleg mage, svimmelheit, oppsvulming, raping, lågt blodsukker hjå folk med type 2-diabetes, flatulens, magesjuke, halsbrann, rennande nase og sår hals.
Eli Lilly driv og pushar sin eigen vekttapskonkurrent ved namn Zepbound
Der har dukka opp ein ny gut i gata ved namn Zepbound (tirzepatid) frå Eli Lilly som visstnok fungerer betre enn Ozempic og Wegovy når det gjeld å fjerne feitt – men til kva slags pris?
Zepbound, som fyrst vart godkjent i slutten av 2023, er del av ein ny klasse legemiddel kalla GLP-1 som Big Pharma driv og pushar for å gjere feite folk tynne. Ein kan berre førestille seg kva biverknadene kan vere.
Som semaglutid, imiterer tirzepatid og andre GLP-1-legemiddel eit hormon i kroppen som hjelper til med å redusere svolt og appetitt. Det imiterer òg eit andre hormon ved namn GIP som ein trur er med på å bryte ned sukker og feitt.
Forbrukarar må bli merksame på alle desse legemiddela, sidan dei ikkje berre er farlege, men òg særs populære, og at det finst «piratutgåver» av dei – altso at der finst mange forfalska imitatorar merkte som desse legemiddela, som i røynda er noko heilt anna.
Ein nyleg publisert studie fann ut at Ozempic og Wegovy aukar risikoen for ei sjeldan form for blindheit kalla ikkje-arterisk framre iskemisk optisk nevropati, òg kjent som NAION [engelsk Nonarteritic anterior ischemic optic neuropathy].
Omsett av redaksjonen i Saksyndig. Sjå òg «Slankesprøyta Wegovy har HORRIBLE biverknader, men Big Pharma tener fleire titals milliardar i året på den», publisert 5.desember 2023, og «Slankemedisinen Ozempic får skulda for at damer utviklar PERMANENT diaré og tap av tenner», publisert 26.januar 2024.
