Christopher Tomlinson på nettstaden The National Pulse melder:
Den italienske statsministeren Giorgia Meloni såg synleg frustrert ut på torsdag [11.juli 2024] medan ho og andre verdsleiarar venta på at Joe Biden og avtroppande NATO-generalsekretær Jens Stoltenberg skulle byrje tredje dag av alliansen sitt toppmøte i Washington D.C. Dei kom ikkje i tide til klokka ti, då arrangementet etter planen skulle starte, noko som fekk Meloni til å himle med auga og tromme med fingrane medan ho såg på Finlands president Alexander Stubb.
Bilete viser Meloni sjå på taket, krysse auga og peike på ei usynleg klokke, noko som signaliserte at ho var irritert over forseinkinga. Enkelte observatørar trur at det zombie-liknande ansiktsuttrykket ho viste var ein imitasjon av 81-årige Biden.
Biden og Stoltenberg byrja omsider møtet rundt 10:40, nesten 40 minutt etter skjema. Demokraten skapte meir forferdig hjå Meloni ved å lene seg mot hennar intimsone i eit forsøk på å kysse ho, noko som fekk ho til å trekkje seg unna med ryggen tydeleg svaiande i motsett retning av han.
Meloni, som vart valt på ei anti-masseinnvandrings-/populist-plattform, men som blir skulda for å vere for fokusert på å søkje godvilje hjå globalistleiarar etter å ha blitt statsminister, var meir tolmodig med Biden på det nylege G7-toppmøtet. Spesifikt hjelpte ho han med å kome seg tilbake på plass igjen etter at han byrja å virre rundt under ein fotoseanse.
NATO-toppmøtet viste seg å vere nok ei episk audmjuking for Biden, sidan han introduserte den ukrainske presidenten Volodymyr Zelensky som «President Putin», og sa at Donald Trump var hans visepresident.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
