Russia Today (RT) melder:
Kreml-talsmann Dmitry Peskov har sagt at den russiske presidenten Vladimir Putin ikkje har intensjon om å ringje Donald Trump etter attentatforsøket på den republikanske presidentkandidaten laurdag [13.juli 2024]. Han [Peskov] la til at Moskva «sterkt fordømmer kvar ei form for politisk vald», og uttrykkje kondolansar til familien til tilskodaren som vart drepen under skytinga.
Fleire skot vart avfyrte under Trumps kampanjerally i Butler i delstaten Pennsylvania, i det som framstår som eit attentatforsøk. Ei kule sneia det høgre øyret på politikaren, ein person i folkemengda vart dødeleg såra, og to andre alvorleg skadde. Den håpefulle republikanar-kandidaten vart frakta vekk frå scena av Secret Service-agentar etter få sekund, og flytta til ein «tryggare» stad. Styresmakter rapporterte seinare at den 20-årige mistenkte skyttaren, som visstnok hadde rigga seg til på eit tak i nærleiken, vart skoten og drepen.
I samtale med journalistar sundag, la Peskov vekt på at Kreml ikkje trur at Biden-administrasjonen stod bak laurdagens attentatforsøk på Trump. Han sa derimot at «atmosfæren som vart skapt av denne administrasjonen under den politiske kampen… rundt Trump har ført til det USA står overfor i dag.»
Kreml-talsmannen uttrykte òg håp for at menneska som vart såra under hendinga vil kome seg heilt frå det.
Ifølgje Peskov «er den sitjande administrasjonen sin stil slik at den føretrekkjer å løyse alle problem frå ein maktposisjon, inkludert fyrst og fremst når det gjeld internasjonale affærar. Ingen der søkjer nokosinne kompromiss.»
«No har dette i grunnen runne inn i sjølve landet,» sa den russiske tenestemannen.
«Etter fleire forsøk på å fjerne Trump frå den politiske arenaen ved hjelp av juridiske verktøy, rettssaker, straffeforfølging, forsøk på å politisk diskredittere og kompromittere kandidaten, var det tydeleg for alle observatørar på utsida at livet hans var i fare,» sa president-talspersonen.
Peskov antyda at naturen til det amerikanske politiske systemet har oppmuntra til vald, som ein kan sjå på fleire liknande saker i historia til landet.
I kjølvatnet av attentatforsøket har Trumps støttespelarar i USA argumentert at hovudstraumsmedia si demonisering av den republikanske presidentkandidaten kan ha spelt ei rolle i å radikalisere den mistenkte skyttaren.
I timane etter hendinga fordømte Joe Biden, Trumps rival i spelet om Det kvite huset, åtaket, og la vekt på at «der er ingen plass for denne typen vald i USA».
Dei tidlegare presidentane Bill Clinton, George W. Bush og Barack Obama har kome med meldingar som har ein liknande tone, i tillegg til å takke Secret Service for at dei greip raskt inn. A rekkje andre prominente amerikanske politikarar, inkludert kjepphesten til Det demokratiske parti Nancy Pelosi, har òg snakka ut mot politisk vald, og det har òg fleire utanlandske leiarar.
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
