Baxter Dmitry på nettstaden The People’s Voice skriv:
Meir enn 100 millionar amerikanarar er einige i at covid-19-vaksinen «drep store tal menneske», ifølgje resultata av den siste nasjonale spørjeundersøkinga Rasmussen, som avslører at folk sakte, men sikkert vaknar opp til sanninga om dei eksperimentelle mRNA-vaksinane.
I januar 2023 sa hjartelege dr. Peter McCullough: «Vaksinen drep menneske, og den drep store tal menneske.» 33% av amerikanske vaksne er einige i den ytringa, inkludert 16% som er sterkt einige. 57% er ueinige, inkludert 39% som er sterkt ueinige. 11% er ikkje sikre.
Rasmussen-spørjeundersøkinga avslører òg enorme nivå av kjøparanger [engelsk buyer’s remorse] blant vaksinerte. 24% av amerikanske vaksne som tok minst éin dose av covid-19-vaksinen angrar no på at dei vart vaksinerte mot viruset.
Dette utgjer meir enn 67 millionar amerikanarar med kjøparanger.
Spørjeundersøkinga vart publisert fredag [21.juni 2024], men som de kan førestille dykk, so ignorerte hovudstraumsmedia den totalt. Derimot byrja enkelte uredde individ å spreie ordet på flyplassar.
Som Rasmussen rapporterer, fann spørjeundersøkinga ein samanheng mellom kor mange vaksinedosar folk sa at dei fekk, og kor mykje tillit dei har til den medisinske og farmasøytiske industrien.
Blant dei som tok covid-19-vaksine-boosterane, har 80% i det minste litt tillit til den medisinske og farmasøytiske industrien – noko som berre er på 41% blant dei som berre tok éin vaksinedose, og berre 30% blant dei som ikkje tok nokon vaksinar.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
