Niamh Harris på nettstaden The People’s Voice rapporterer:
Den amerikanske presidenten Joe Biden kalla sin russiske motpart Vladimir Putin ein «mordarisk galning» under NATO-toppmøtet i Washington førre veke.
På fredag [12.juli 2024] sa Kreml-talsmann Dmitry Peskov til journalistar: «Vi held fram å sjå på det som absolutt uakseptabelt og utillateleg åtferd for eit statsoverhovud å kome med slike respektlause kommentarar om andre statsoverhovud.»
RT rapporterer: Under ein pressekonferanse etter NATO-toppmøtet i Washington førre veke, sa Biden at «enkelte av dei eldste og djupaste fryktene» i Europa hadde «vakna til live fordi det atter ein gong var ein mordarisk galning på ferde», og viste til den russiske presidenten. Biden antyda at Ukraina-konflikten hadde vore ei «brå oppvakning» for dei «som trudde at tida til NATO var forbi».
I ein kommentar til NATO-toppmøtet og Biden sin kommentar, la Peskov vekt på at Kreml ser på åtferda til den amerikanske presidenten som «absolutt uakseptabel, og utillateleg for eit statsoverhovud».
Talsmannen la til at slike kommentarar «ikkje set den amerikanske leiaren i eit godt lys», og sa at Moskva held fram med å «følgje nøye med» på slike utbrot.
Peskov vart òg beden om å kommentere dei mange tabbane som heimsøkte Bidens tale under toppmøtet, inkludert det å forveksle Russland og Ukraina med kvarandre, presentere Ukrainas Vladimir Zelensky som «president Putin» og vise til tidlegare president Donald Trump som den amerikanske visepresidenten, i staden for Kamala Harris [som er den eigentlege visepresidenten].
Talsmannen sa at «vi har følgt med på det faktum at heile verda har følgt med på dette,» men sa at Moskva ikkje kan kome med nokon andre kommentarar til dette teamet, anna enn å slå fast at «det er tydeleg at dette er tungegleppar».
Han sa at resonansen som blir skapt av dei stadige tabbane til Biden, alle er i konteksten av dei amerikanske utanrikspolitiske diskusjonane, og at «dette har vi ingenting med, dette er ei intern sak for USA».
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
