Ethan Huff i Natural News rapporterer:
Tredje verdskrig er nærare no enn nokosinne etter at statlege tenestepersonar på det nylege NATO-toppmøtet i Washington D.C. avslørte dei neste stega i sine planar om å kaste meir pengar, våpen og soldatar inn i sitt forsøk på slå Russland.
Ein skal spesielt merkje seg kommentarar gjort av general Wieslaw Kukula, Leiar av generalstaben i dei polske væpna styrkane, om korleis landet hans førebur sine soldatar på ein fullskala-konflikt dei komande dagane.
«I dag må vi førebu styrkane våre på fullskala-konflikt, ikkje konflikt av asymmetrisk type,» sa Kukula under ein pressekonferanse. «Dette tvingar oss til å finne ein god balanse mellom grenseoppdrag og det å vedlikehalde intensiteten på opptrening i militæret.»
«Grenseoppdrags»-kommentaren til Kukula var ein referanse til pågåande spenningar med naboen og den russisk-allierte Kviterussland [Belarus]. Kviterussland er del av «Foreiningsstaten» med Russland, og Polen lanserte nyleg eit initiativ verdt 2,5 milliardar dollar ved namn «Austskjold»-programmet som har som mål å betre beskytte den polske grensa mot Kviterussland.
I 2021 under Wuhan-koronavirus (covid-19)-«pandemien», skulda EU den kviterussiske presidenten Aleksander Lukashenko for å bevisst overvelde den polske grensa med innvandrarar frå Midtausten som ei form for hybrid-krigføring. Kina har òg den siste tida byrja med militærøvingar i Brest, ein kviterussisk by lokalisert berre nokre kilometer frå den polske grensa.
«Vise-forsvarsminister Pawel Bejda, som tala under det same arrangementet, sa at frå og med august skal talet soldatar som vaktar over den austlege grensa til Polen aukast til 8000 frå dei noverande 6000, med ein tilleggsbaktropp på 9000 som er i stand til å rykkje ut på 48 timars varsel,» sa han, noko som viser korleis Polen aukar patruljane ved den kviterussiske grensa. […]
Polen doblar innsatsen når det gjeld «muskuløs, krigersk haldning overfor Russland»
Akkurat no har Polen rundt 190 000 personell i militæret. I åra framover er målet å auke det talet til 300 000 i det NATO sin «austlege flanke» i aukande grad set seg sjølv i same båt som Ukraina.
Den polske statsministeren Donald Tusk møtte den ukrainske presidenten Volodymyr Zelensky denne veka [veke 28] for å skrive under på det media skildrar som ein «hittil usett» militæravtale. Denne avtalen gjev Polen løyve til å avbryte russiske missil over ukrainsk territorium kvar gong slike våpen trugar Polen og befolkninga der.
Heilt sidan Russland invaderte Ukraina i byrjinga av 2022, har Polen hatt det ein medieformidlar skildra som ei «muskuløs, krigersk haldning overfor Russland» som gjentekne gonger har involvert Polen i å avvise alle forsøk på ei fredeleg løysing på konflikten.
No i veka gjentok den polske presidenten Andrzej Duda tidlegare kommentarar om korleis Ukraina ikkje må gje tilbake noko territorium til Russland som eit vilkår for fred.
«Dersom der er nokon som ønskjer å gje Russland eit stykke ukrainsk land og dei ikkje er ukrainske, so lat dei gje eit stykke av deira eige land til Russland, fordi det er lett å gje vekk eit stykke av nokon andre sitt land,» sa Duda.
«Eg vil at denne krigen skal ta slutt so snart som mogleg. Derimot kan den ikkje ta slutt, den kan ikkje ende med at Russland sigrar, fordi om det skjedde på den måten, vil vi få ein ny krig snart fordi Russland vil gå til åtak igjen.»
President Joe Biden spelte òg eit stort spel på NATO-toppmøtet då han erklærte at Ukraina på ein eller anna måte skal vinne over Russland til slutt, sjølv om all tilgjengeleg evidens akkurat no peiker på at Russland kjem til å vinne.
«Ukraina kan og skal stoppe Putin,» erklærte Biden frå manuset han stod og las i.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
