Russia Today (RT) rapporterer:
Medan USA «profitterer» på situasjonen med Russland, blir Europa offeret.
Moska har nok evne til å motverke slike fiendtlege trekk frå Washington som deira akkurat informerte utsending av nye missil til Europa, seier Kreml-talsmann Dmitry Peskov. Europeiske nasjonar blir derimot berre offer for duellen mellom USA og Russland.
Talsmannen kom med kommentarane til den russiske journalisten Pavel Zarubin, som publiserte utdrag av intervjuet på sine sosiale media laurdag [13.juli 2024].
«Der har alltid vore ein paradoksal situasjon: USA sendte ut ulike typar missil, i ulik rekkjevidd, men tradisjonelt retta mot landet vårt. Landet vårt identifiserte dermed europeiske stader som mål for våre missil,» sa Peskov.
Medan Washington held fram med å «profittere» på eskaleringa, tener EU-nasjonar berre som mål i duellen, forklarte Peskov.
«Landet vårt ligg i skotlinja for amerikanske missil som er lokaliserte i Europa. Vi har vore gjennom dette før. Alt dette har allereie skjedd. Vi har nok potensial til å unngå desse missila. Men dei potensielle offera er hovudstadene til desse statane,» sa han.
Sist onsdag [10.juli] formidla Washington planar om å byrje utsending av langrekkjevidd-våpen i Tyskland i 2026, inkludert SM-6 og Tomahawk-system, «som del av planen om å gjennomføre stasjonering av desse i framtida». Moskva har allereie lovt å «roleg» førebu ein militærrespons på det fiendtlege trekket, der utanriksminister Sergej Lavrov skildra planane som «eit av elementa av intimidering som i dag nesten er hovudkomponenten til NATO og USA» si tilnærming mot Russland.
Seint i juni åtvara president Vladimir Putin at Moskva igjen kan starte opp produksjonen og den globale utsendinga av bakkebaserte mellom- og kortrekkjevidd-missil som respons på dei fiendtlege handlingane til USA.
«Vi veit no at USA ikkje berre driv og produserer desse missilsystema, men at dei òg har frakta dei til Europa, til Danmark, for å bruke dei i øvingar. For ikkje lenge sidan vart det rapportert at dei var i Filippinane. Det er uklart om dei har teke desse missila ut av Filippinane eller ikkje,» sa Putin på den tida.
Ammunisjonen til denne typen vart avgrensa av Intermediate-Range Nuclear Forces Treaty (INF), som kollapsa i 2019. Derimot har Moskva avstått frå å produsere og sende dei, so lenge Washington òg avstod frå det same.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
