Saksyndig vart nyleg kontakta av «Marielle», den unge dama som var nokre dagar i Førde i vinter for å prøve lykka med ein potensiell kjærast. No har ho ei ny historie å fortelje, og sidan Saksyndig-redaktøren har tid til overs, møter eg ho på Knarvik senter der vi tek oss ein lang prat på ein koseleg kafé. Eg tingar ein kopp svart kaffi til meg sjølv, og ein karamell-latte og eit stykke ostekake til Marielle. So sit vi i det halvtomme lokalet, der det står ei søt ungjente med store puppar på utstilling bak disken.
For anledninga er vakre Marielle kledd i ein tynn, luftig, olivengrøn sommarkjole med djup utringing og kort skjørt. Håret er farga sjokoladebrunt og heng nedover det runde ansiktet. To sølvsmykke og ein søt perlechoker glitrar mot den sommarbrune huda. Ei rekkje armband med diverse «charms» pyntar dei små, søte jentearmane. Neglene er lange og lakkerte, og ho har ringar på seks av ti fingrar.
«Du hugsar sikkert at eg prøvde lykka i Førde i vinter,» byrjar Marielle. «Det gjekk ikkje so bra. So eg bestemte meg, etter fleire månaders intens indre reise, å prøve å finne kjærast igjen.»
Ho tek ein slurk av den digre kaffikoppen. Ho jobbar framleis i barnehagen i Knarvik-området, og ho vedgår at det nok er alle dei små, herlege ungane som har gjort ho ein smule verpesjuk.
«Saksyndig, eg vil so inderleg ha barn sjølv,» seier ho med blanke, tindrande auge og lett raudnande kjakar. «Alle som hentar og leverer ungane sine ser ut til å vere på min eigen alder. Eg har nettopp fylt 26. Tida byrjar å renne ut for meg.»
Marielle er altso meir enn klar for å etablere seg. Ho er faktisk lite grann desperat.
«Min Tinder-utvalde budde ute på Sotra, i landlege Telavåg,» seier ho. «Vi bestemte oss for å møtast og tilbringe ei veke saman. Eg hadde akkurat byrja på sommarferien min, og det hadde han òg. Lat oss kalle han Espen. Han jobbar i ei lokal bedrift som vi her skal halde hemmeleg. Ei sokalla hjørnesteinsbedrift i lokalsamfunnet.»
Ved årsskiftet, og i samband med at ho fekk seg ny jobb, kjøpte Marielle seg ein søt, liten jentebil. Og for å vise truskap overfor Det grøne skiftet ®, valde ho å kjøpe seg el-bil. Ho har ladestasjon som ho deler med dei andre i sameiget der ho bur.
«Eg var so yr og forventingsfull då eg køyrde heimanfrå den måndagsføremiddagen. Det var ein lang tur på over ein time. Eg køyrde over den lange, majestetiske Nordhordlandsbrua, sørover langs den sprengtrafikkerte E39, gjennom Fløyfjellstunnelen, over Puddefjordsbrua, gjennom Damsgårdstunnelen og vidare langs motorvegen vestover mot Loddefjord. Eg hadde herlege, kriblande sommarfuglar i magen då eg køyrde over den tett, tett trafikkerte Sotrabrua og gjennom Kolltveittunnelen. Du veit den tunnelen der dei seier at det skal spøkje. Eg såg ingen spøkjelse, men tett i tett med bilar.»
Det er for tida mykje trafikk i området rundt Sotrabrua sidan ein held på å byggje det nye Sotrasambandet. Saksyndig var sjølv på køyretur til Sotra nyleg, og registrerte at brutårna til den nye Sotrabrua allereie er komne på plass, i tillegg til at ein har byrja på den nye tunnelen til og frå brua. På grunn av dette intense byggjearbeidet, er der av og til stenging av vegen, gjerne i verste rushtida når alle har det travelt.
«So fort eg kom gjennom Kolltveittunnelen og glei lett og leikent gjennom rundkøyringa i retning Klokkarvik, so vart vegen raskt dårlegare,» seier ho modig og uredd der ho sit og eksponerer seg.
Jamfør planen møttest ho og Espen på Bunnpris-butikken som ligg i krysset der ein anten kan ta av til Glesvær eller til Telavåg. Butikken er eit viktig knutepunkt for lokalbefolkninga sidan det ser ut til å vere den einaste butikken i mils omkrins.
«Han stod der framfor meg, barsk og tøff, kledd i svart singlet og lyseblå shorts,» fortel ho med ei lett dirrande stemme. «Eg vart sprengkåt der eg stod, og smilet mitt gjekk omtrent i sirkel. Vi møttest, og eg gav han eit lett, leikent kyss på munnen. Han hadde eit Bent Høie-aktig skjegg som kitla og pirra meg.»
Saksyndig vel å sjå gjennom fingrane at Marielle vel å trekkje ein landssvikar inn i samtalen. Jenta fortel vidare:
«Han hadde tenkt å handle inn til vår vesle ferie saman, og eg følgde oppglødd og oppgira etter han i butikken. For ein søt, liten utkantbutikk! Her møttest nok både ungdom, gamle kjerringar og småbarnsmødrer og hadde ein triveleg passiar. Faktisk hadde dei rigga til ein liten møtekrok, og der sat det nettopp to mødrer på min alder med to barnevogner. Den eine babyen var so liten og skjønn, han var praktisk tala nyfødd. Sikkert rett frå Kvinneklinikken, over brua og hit.»
So får dei vakre, olivengrøne auga hennar eit skjer av uro:
«So kom vi forbi øl- og siderseksjonen. Han leste oppi fleire sekspakningar av det billegaste ølet dei selde i butikken. Simpelt trygdeøl, kan ein kalle det.»
‘Øh, skal vi drikke?’ spurde eg.
‘Åh, er du avhalds?’ spurde han.
‘Nei, nei, so klart ikkje, eg er jo ei ekte strilajente!’ Eg trekte meg straks ut av den diskusjonen. Eg likar eigentleg ikkje øl, men eg kunne sikkert ta meg ein boks eller to berre for å kome i stemning.
So kom vi bort til kassen, der det sat ei småsur jente med blått hår, nasepiercing og store puppar. Eg beit meg lett i leppene då eg såg alle kondompakkane som hang der.
‘Skal du ikkje kjøpe ein pakke?’ kurra eg til han og strauk han ertent med fingeren over den nakne, muskuløse overarmen.
‘Nei, eg treng ikkje,’ svarte han. Eg tolka det som at han allereie hadde heime.»
Auga til Marielle blir fylde av tårer, og ho må ta seg ein liten pause. Eg gjev ho eit lommetørkle av den svære pakken eg har teke med meg til denne fortrulege samtalen (som i sin heilskap blir gjengjeven på ein offentleg blogg…).
Espen køyrde ein gammal Ford Granada, ein ekte «rånedoning». Marielle følgde etter han i sin vesle jentebil. Dei køyrde langs 80-sona i det nakne, ugjestmilde landskapet. Han budde i ei treromsleilegheit i eit byggjefelt ikkje langt frå bygda Telavåg sørvest på Sotra. For dei som kan si historie, so spelte bygda ei viktig rolle under krigen, og det er i ettertid laga eit krigsminnesmerke over dei mennene som vart tekne til fange og døydde i tysk fangenskap. Dette byggjefeltet låg derimot fleire kilometer frå sjølve bygda, ute i ingenmannsland, nokre dryge steinkast frå Nordsjøfartmuseet. Marielle bar halvparten av varene med sine små, mjuke, søte jentehender ut frå bilen til Espen og inn i leilegheita, som låg på bakkeplan. Det fyrste som møtte ho, var ein diger plakat av Åsmund Åmli Band, dansebandet frå Setesdalen som var ekstremt populære i visse miljø for nokre år sidan. Det og ei rar, gjæraktig, plastaktig lukt. Ein dunst av noko billeg, bondsk og temmeleg harry.
«Eg fann fort ut kva den lukta var for noko, for vi hadde knapt kome inn døra før han opna seg ein boks av det billege ølet vi hadde ‘hamstra’ på Bunnpris-butikken. Han drakk vel og lenge, før han avslutta med ein rap som fekk vindauga til å klirre. Dunsten av dette ølet fekk nasen min til å formeleg vibrere. Det var måndag ettermiddag, klokka var knapt eitt, og han hadde nettopp drukke nesten ein heil ølboks på styrten.»
Marielle fortel vidare medan tårene trillar:
«Om det var varmen, sommaren og den friske sjølukta som gjorde det, so byrja vi nesten med éin gong å kline. Eg var so kåt at det nesten gjorde vondt. Den lette sommarkjolen min glei lett og leikent av meg, og eg stod der naken framfor han. Han var like naken, og eg fekk hakeslepp då eg såg kuken hans. Den var svæææær…! Han hadde sokalla sommarpenis.»
Marielle viser her til at «alle» menn om sommaren får ein tanke større penis på grunn av varmen. Ho fortel vidare:
«Han tok meg i handa og førde meg inn på soverommet, der nok ein Åsmund Åmli Band-plakat hang. No skulle det skje, tenkte eg. Eg lengta intenst etter å få den svulmande, esande sommarpenisen inn i meg.
‘Øh, kor er kondoma hen?’ spurde eg då eg låg der pulesjuk og skreva.
‘Eg treng ikkje,’ svarte han. ‘Eg hoppar av i svingen.’
Eg vart ein smule paff – og særs skuffa.
‘Du, Espen, det skjer berre ikkje,’ sa eg bestemt. ‘Hoppe av i svingen driv kjærastane til venninnene mine med òg, og dei er alle fleirbarnsmødrer. Anten bruker du kondom, elles har vi ikkje sex i det heile.’
Det var heilt greitt for Espen. Eg hadde derimot so lyst å kjenne den svære «doningen» hans at eg gjekk med på å suge han. Ramkåt stod eg der på kne i senga og saug i veg medan Åsmund Åmli Band spelte i bakgrunnen. Det var mildt sagt ikkje min type musikk, det var noko harry ræl! Eg tykte eg kunne kjenne lukta av gylle og fjøs. Sjølv føretrekkjer eg moderne, leikne, unge menn med perlekjede, slik som Nik A Ve, Roxx, TishiTee og andre superstjerner.»
Saksyndig har ikkje høyrt om nokon av perlekjede-gutane som Marielle refererer til.
«Han kom med eit raut og ein fis. Og so kravde han at eg skulle lage middag til oss. Det var rett og rimeleg frå hans side, han hadde jo spandert maten. Men eg trong ikkje kle. Det var jo so varmt her.»
Soleis stod stakkars, sprengkåte Marielle naken på utstilling og laga middag til dei to. Det vart meksikansk gryterett med loff, som dei åt inne i stova med føretrekte gardiner. Dei stakkars naboane trong ikkje å sjå at dei spankulerte rundt nakne høgste dag. Ho drakk motviljug ein boks av det billege, plastikk- og gjær-aktige ølet. Det var fyrste boksen som var verst – sidan berre rann dei ned.
Det tok ikkje lange tida før Espen kravde nok ein sugejobb. Det var varmen. Han var so kåt, og Marielle ville jo ikkje ha sex.
«Det var ikkje det at eg ikkje ville,» seier ho til Saksyndig medan ho sit der og snufsar. «Det var det at fyren ikkje hadde gidda å kjøpe kondom! Eg var jo so kååååt…!»
«Du har ikkje vurdert spiral? Mange menn likar ikkje kondom,» seier eg til ho.
«Spiral?» Ho blæs og himlar med dei tårevåte auga. «Ei venninne av meg fekk sett inn ein spiral nyleg. Ho miste kjensla i det eine beinet og måtte hasteopererast på Haukeland. So, nei takk.»
«Du vil jo ha ungar, so kvifor ikkje droppe kondom?»
Marielle ser på meg med eit nesten indignert uttrykk i ansiktet:
«Eg vil sovisst ikkje ha barn med nokon som likar Åsmund Åmli Band!»
Tysdag morgon vakna Marielle liggjande på golvet inne i stova. Trass at ho ikkje hadde noko som helst pledd på seg, so fraus ho ikkje. Det var jo so varmt og trykkjande. Espen låg inne i senga og snorka og feis. Ølboksane låg overalt, det måtte ha vore to dusin av dei. Då han omsider vakna, avslørte han dagens plan for ho: Køyre på Bunnpris og kjøpe meir øl. Men fyrst…
Marielle måtte starte denne tysdagsmorgonen med å gå ned på kne og suge den svære, svulmande sommarpenisen nok ein gong.
På Bunnpris spurde Marielle nærast tryglande om han kunne kjøpe kondom. Han rista bryskt på hovudet. Skuffa og vonbroten måtte ho godta dette svidande neiet. Det vart ein god del boksar den dagen – kva anna skulle dei gjere på der ute?
«Du venner deg liksom til den smaken. Snart tykte eg at alt smakte billeg øl. Til og med sæden hans då han kom i munnen på meg. Det var utrulege mengder kvar gong. Kor kom all den sæden frå?»
Marielle drakk for å døyve lengten sin. På eit tidspunkt fantaserte ho om å berre late han få stikke den inn og kome. So kom ho på den venninna si som vart gravid med trillingar som 17-åring, og der barnefaren rømde landet.
Onsdag var dei tilbake på Bunnpris igjen. Denne gongen kjøpte Marielle ein pakke kondom i smug. Då ho seinare med eit ertent smil inne i senga fiska fram eit kondom, vart Espen snurt.
«Han sa han var allergisk mot lateks,» seier Marielle medan fleire tårer trillar nedover dei vakre, raude kjakane. «Han påstod han kunne få alvorleg allergisk reaksjon. Ville eg kanskje stå der redd og skjelven med adrenalinpenn i den eine neven og telefonen til 113 i den andre? På ein so aude og avsidesliggjande stad som Telavåg ville dei måtte sende luftambulanse. So eg måtte nok pent leggje kondoma ned i veska mi.»
Ho held fram:
«Torsdag morgon var eg møkka lei. Av billeg øl, av Åsmund Åmli Band, og ikkje minst av det traurige faktum at eg ikkje kom til å få meg noko. Eg hadde soge han hundre gonger, men ikkje kome ein einaste gong sjølv. No var det nok. Det var berre eitt problem… Batteriet på bilen min var nesten tomt, sidan Telavåg ligg so jævla langt frå Knarvik.
‘Kan eg få lade bilen på ladestasjonen i sameiget?’ spurde eg so tynt og vent.
‘Det er ikkje min ladestasjon, det er sameiget sitt,’ svarte han. ‘Og gjester får ikkje lov til å lade.’
‘Kor… kor er næraste ladestasjon?’ spurde eg med ei lett skjelven stemme.
‘Sartor senter,’ svarte han.
‘Det er jo altfor langt…’ Eg heldt meg til hovudet medan angsten hamra i bringa. Var eg fanga på Sotra, akkurat slik som eg i vinter var fanga i Førde?»
Det var heldigvis ei «løysing». Espen godsnakka litt med styreleiar i sameiget. Mot at Marielle saug denne feite, skalla tassen med briller og stor mage, kunne ho få lade bilen. Men berre til det var nok batteri til at ho kom seg til ladestasjonen på Sartor senter (straumen er jo so dyr i våre dagar).
«Eg, dumme meg, sa ja,» seier ho medan ho grin og hikstar so ho ristar. På bordet ligg ein haug med brukte lommetørkle, knurva saman i små ballar. «Eg var heilt stinn av all ølet og all sæden. Eg åt ikkje middag den dagen.»
Marielle kom seg til slutt til Sartor senter. Medan bilen stod på lading, sat ho på kafé og snakka med ei av venninnene sine i telefonen. Der fekk Marielle beskjed at hennar eigen libido nok hadde føkka litt med ho. Kven i alle dagar fór ut i ingenmannsland og møtte ein Åsmund Åmli Band-fan? Og el-bil ute på Sotra var omtrent som å fare over Atlanteren med ein småbåt; avstandane var mildt sagt mot deg. Marielle fekk streng beskjed om å skjerpe seg. Og gjerne ta ein kald dusj når ho kom heim.
«So… No sit eg her,» seier ho til Saksyndig avslutningsvis. «Like kåt, like singel, like einsam, like verpesjuk.» Dei vakre auga ser på klokka på mobilen. «Eg… må nesten gå no. Takk for praten, Saksyndig.»
«Kor skal du?»
«Eg skal… eg skal ut på Askøy og møte ein fyr…» Ho bøyer ansiktet sitt i skam og kjæte. «Ver so snill… Ikkje døm meg. Eg har so lyst på kuk…!» Ho skvett til. «Eg meiner barn! Eg har so lyst på barn!»
Ho reiser seg, orsakar seg audmjukt og spaserer med raske, lette, leikne steg gjennom det travle handlesenteret. Den stakkars jenta er kåt som eit fly, og Saksyndig ønskjer ho lykke til.
Som ei avsluttande formaning vil eg oppfordre alle jenter til å velje drivstoffbil når dei skal møte vilt framande mannfolk ute på landsbygda. Slike møte er det nok angst knytt til, om ein ikkje skal bli plaga av rekkjeviddangst i tillegg.
