Befolkningsutskifting på gang i Irland? 280 innvandrarar planlagt for småby med 165 innbyggjarar

John Cody på nettstaden ReMix News melder:

I ein strategi som er sett i mange vestlege land, har den irske regjeringa planar om å flytte fleire og fleire innvandrarar ut på landsbygda, der ein av dei nyaste planane fokuserer på å flytte 280 asylsøkjarar til Dundrum, ein landsby i Tipperary fylke med eit innbyggjartal på berre 165.

Trekket har tent raseri i lokalsamfunnet, der det koker av kontrovers på grunn av det nye mottakssenteret. Dersom alle innvandrarane blir relokaliserte som planlagt, vil dei utgjere 70% meir enn det lokale innbyggjartalet.

Regjeringa har planar om å gjere Dundrum House-hotellet om til eit bustadkompleks som skal huse 280 innvandrarar, der liknande planar har skapt utbreidde protestar og opptøyar i Dublin-forstaden Coolock so nyleg som i går [15.juli 2024], der lokale innbyggjarar sette fyr på bygningsutstyr og slost med politiet.

Innbyggjarar uttrykte sjokk over sjølve storleiken på forslaget, og på eit folkemøte for å diskutere bekymringa i lokalsamfunnet dukka det opp 300 menneske frå andre landsbyar i Tipperary fylke, ifølgje ein reportasje frå Irish Independent.

Denne kontroversen kjem òg etter større slåstkampar i landsbyar som Roscrea og Clonmel på grunn av digre flyktningsenter, som resulterte i avisoverskrift-skapande hendingar, inkludert fleire brannskadeverk på Clonmel-staden.

Innbyggjarar i Dundrum har kravd at ein viser «sunn fornuft» når det gjeld å avgjere storleiken på lokale busetjingsplanar. Lokale politikarar er òg i fyr og flamme over forslaget, og seier at landsbyen verken har ressursar eller infrastruktur til å huse so mange nye menneske, spesielt når lokale tenester allereie er strekt til brestepunktet.

Den uavhengige byrådsmedlemmen Liam Browne sa at han var «forferda» over mangelen på kommunikasjon med innbyggjarane, medan Fine Gael byrådsmedlem Declan Burgess skildra det som «djupt urovekkjande» at lokalsamfunnet ikkje blir informert.

Derimot viste den innvandringsvennlege integrasjonsministeren og den nye leiaren i Green Party Roderic O’Gorman ingen teikn på å roe seg. Han sa at Integrasjonsdepartementet har planar om å gå vidare med busetjinga i Dundrum House-hotellet trass lokale protestar.

Derimot seier enkelte politikarar at etter kvart som presset veks i Dublin om å huse innvandrarar, inkludert storskala-protestar, ser regjeringa ut til å flytte innvandrarar ut på landsbygda.

«Vi har sagt heilt frå byrjinga av at der er for mange menneske i eit altfor lite område,» sa Browne til Tipp FM. Han kritiserte mangelen på ei lokal behovsvurdering og fråværet av planar for grunnleggjande tenester, og stilte spørsmål ved korleis familiane til internasjonale beskyttelsessøkjarar skal integrerast, spesielt når det gjeld barne- og helseomsorg. «Legen har allereie sagt til Dundrum at han ikkje vil ta imot nye pasientar – han har rett og slett ikkje kapasitet til det.»

«Regjeringa ser ut til å tru at vi må frakte desse menneska ut av Dublin, ut på landet, ut i grisgrendte strøk… men dette er verken ein effektiv innvandrings- eller asylsøkjarpolitikk. Situasjonen er i ferd med å bli ein ekte katastrofe,» la han til.

Liknande planar blir for tida lansert i ei rekkje andre land, inkludert Frankrike, der lokale protestar av og til har vist seg å vere effektive mot planar om å relokalisere innvandrarar. I mange tilfelle er den franske regjeringa ute etter å overføre store tal innvandrarar til avsidesliggjande landsbyar, der lokalinnbyggjarane uttrykkjer bekymring når det gjeld integrasjon, demografisk forskyving, og alvorleg belastning på lokale tenester.

Desse storskala-innsatsane for å flytte innvandrarar ut på landsbygda har ofte blitt brukt til å støtte trua på at Den store utskiftinga visseleg skjer i Europa, der denne teorien går ut på at innfødde europeiske befolkningar er i demografisk tilbakegang medan utanlandske befolkningar frå Asia, Afrika og andre nasjonar sakte, men sikkert erstattar europearar.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget