«Luke Skywalker» kritiserer storleiken på øyrebandasjen til Trump – møter kraftig motbør på X

Paul Joseph Watson på nettstaden Modernity.news rapporterer:

Star Wars-skodespelar Mark Hamill møter motbør på X for eit bisart innlegg der han kritiserer Donald Trump sin «latterleg store øyrebandasje».

Hamill, som spelte Luke Skywalker for meir enn 40 år sidan og ikkje har gjort særleg mykje sidan, har lide av eit alvorleg tilfelle av Trump Derangement Syndrome i nesten eit tiår.

[«Syndromet» inneber irrasjonelle negative reaksjonar mot Trump, som ofte ikkje er relatert til ting han faktisk seier og gjer, eller til politikken hans; oms.komm.]

Dette manifesterer seg atter ein gong når skodespelaren ser ut til å antyde at Trump med vilje har overdrive storleiken på øyrebandasjen for å få meir sympati.

«Fyrste VISNING av latterleg stor øyrebandasje, som han tydelegvis ikkje treng før i kveld,» la Hamill ut saman med ein øyre-emoji og ein flirande emoji.

Det faktum at Trump nesten vart skoten i hovudet og miste delar av øyret sitt, var tydelegvis ikkje noko Hamill tenkte på før han la ut innlegget.

Andre reagerte ikkje so altfor vennleg på innlegget.

«Desse klovnane er so forskrudde at dei no kverulerer over storleiken på bandasjen på SKOTSÅRET til Trump…» svarte YouTuber TheQuartering.

«Donald Trump vart bokstavleg tala skoten for to dagar sidan, og Mark Hamill kritiserer storleiken på bandasjen hans,» skreiv ein annan brukar. «I mellomtida tok Joe Biden ei veke ferie for å reise til Camp David for ‘Debate Prep’, men kunne knapt nok setje saman ei einaste samanhengande setning. Hjerne = øydelagt.»

Kanskje den beste responsen kom frå ein brukar ved namn @SteveLovesAmmo.

«Dykkar kamerat gøymde seg i ein kjellar under ein ‘pandemi’ som hadde ein overlevingsrate på 99,8%. Trump er ute i det offentlege rommet etter å ha blitt skoten av ein av galningane i partiet dykkar,» skreiv han. «Hald dykk unna denne, pyser.»

Som vi [Modernity.news] tidlegare sette søkjelys på, vart Hamill òg latterleggjort for å seie tilbake i april at «Joe Biden er den beste presidenten vi nokosinne har hatt».

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget