William Upton på nettstaden The National Pulse melder:
Ei ny spørjeundersøking viser at eit overveldande tal veljarar seier at retorikken til Joe biden og Demokratane er ansvarleg for attentatforsøket på tidlegare president Donald J. Trump i Butler, Pennsylvania på laurdag [13.juli 2024]. Ifølgje Rassmussen Reports, trur 61% av «sannsynleg»-veljarane at Biden-kampanjen som stemplar Trump som «ein autoritær fascist som må stoppast for kvar ein pris» direkte førde til skytinga.
Sjølv blant Demokratar trur ein nesten-majoritet at Biden-kampanjen sin bruk av ekstrem retorikk som går til åtak på Trump, førde til attentatforsøket. Ifølgje dataa, seier 46% av registrerte Demokratar at åtaka til Biden-kampanjen inspirerte skytinga.
Medan eldre veljarar hadde minst sannsyn for å skulde Biden for åtaket på Trump – som resulterte i dødsfallet til tilskodaren Corey Comperatore – sa alle alders- og folkegrupper likevel i overveldande tal at retorikken til den 81-årige sitjande Demokrat-presidenten var ansvarleg [for skytinga]. Blant informantar i alderen 18 til 39, sa 62% at Biden var ansvarleg.
I mellomtida sa 61% i 40-64-årskohorten at Biden og Demokratane var ansvarlege. For informantar under 65, sa ytterlegare 59% at Biden og Demokratane var ansvarlege.
Dataa viser ei splitting mellom menn og kvinner, der 65% av menn seier at den valdelege retorikken levert av Demokratane inspirerte attentatforsøket. Til samanlikning var 57% av kvinner einige i dette.
Medan 81-årige Biden lovde å tone ned retorikken i kampanjen sin, ser det ut til å ha vore berre mellombels. Han dobla innsatsen på måndag [15.juli] i eit intervju med Lester Holt i NBC News, der han hevda at tidlegare president Trump er ein trugsel mot demokratiet. Tysdag skulda Biden igjen Trump for å vere ein diktator in spe, medan han heldt ein tale på NAACP i Las Vegas, Nevada.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
