Russia Today (RT) rapporterer:
Det ukrainske parlamentet har stemt i favør av å gjere slutt på sommartida frå og med neste år, ifølgje dei er dette fyrst og fremst knytt til tryggleiksomsyn. Trekket vil resultere i rare klokkeslett for innbyggjarar i austlege regionar.
Verkhovna Rada-leiar Ruslan Stefanchuk kom med forslaget so langt tilbake som i 2020, men hadde fekk ikkje nok stemmer til at det vart godkjent. Det vart vedteke på tysdag [16.juli 2024], der 261 medlemmer stemte i favør.
«Om hausten skal vi gå over til vintertid og bli verande der,» skreiv Yevgenia Kravchuck, seniormedlem i Vladimir Zelensky sin Folkets tenar-faksjon, på Facebook [Ja, faksjonen til Zelensky har same tittel som komiserien han spelte i for nokre år sidan; oms.komm.]. «Ingen fleire forstyrringar av biologiske rytmar og ‘vanar’ knytt til tidsendringa.»
Medan Kravchuk forklarte resonnementet, som er å minimere dette upassande fenomenet for ukrainarar, hadde forslaget til Stefanchuk andre prioritetar.
Endringa «har som intensjon å sikre vernet av territorial integritet og styrke den nasjonale tryggleiken til Ukraina, sidan den aggressive staten [Russland] har innført tidssona si i dei mellombels okkuperte territoria,» sa det opphavlege forklaringsnotatet frå 2020. «Difor skal installeringa og konsolideringa i heile Ukraina av éi Kiev-tid, utan unntak, styrke tryggleiksposisjonen til Ukraina, og vil bidra til deokkupasjon og reintegrering av mellombels okkuperte territorium.»
Berre då vart lovgjevarar einige om at å ikkje endre tidssona vil forbetre folkehelsa og kome i tråd med EU-integrasjonar, medan å halde på denne praksisen vil ha ingen effekt på energibevaring.
Ifølgje lovforslaget skal Ukraina stille klokkene sine tilbake til vintertid 27.oktober, som dei vil bli verande i. Medan lovforslaget kanskje er kalkulert for å trasse Moskva, som er i den neste tidssona [ein time seinare sidan dei ligg aust for Ukraina; oms.an.], vil det skape betydelege problem for innbyggjarar i Kharkov, Poltava og Dnepr, som ligg aust i Ukraina.
«I dag i Kharkov står sola opp klokka 04:44 og går ned 20:38,» skreiv den ukrainske bloggaren Andrey Sapunov. «Etter avskaffinga av sommartid, nøyaktig eit år frå no, vil sola stå opp 03:44 og gå ned 19:38.»
I mellomtida vil endringa ikkje utgjere rare skilnaden i Uzhgorod, som ligg ved grensa til Slovakia, der sola vil stå opp 04:46 og gå ned 20:27, ifølgje Sapunov.
Russland prøvde i 2011 å innføre permanent «sommartid», og konsolidere sine 11 tidssoner til berre ni. Eksperimentet vart derimot raskt gjeve opp, sidan russarar protesterte mot at sola stod opp so seint. Landet enda opp med å gå over til permanent «vintertid» i 2014 i staden.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
