mRNA-covid-sprøyta til Moderna er 30% MEIR DØDELEG enn Pfizer si, viser VAERS-data

Ethan Huff i Natural News rapporterer:

Sidan 2021, ikkje lenge etter lanseringa av Operasjon Warp Speed, har gravejournalisten Steve Kirsch åtvara at Moderna sin mRNA (modRNA) Wuhan-koronavirus (covid-19)-«vaksine» er meir dødeleg enn covid-mRNA-«vaksinen» til Pfizer. No har vi data frå Vaccine Adverse Event Reporting System (VAERS) som belegg for den påstanden.

Ifølgje det statleg styrte VAERS, genererer Moderna sine mRNA-sprøyter 30% fleire dødsfallsrapportar enn Pfizer. Frå tidleg av estimerte Kirsch basert på VAERS-data at Moderna sin injeksjon drep rundt 50% fleire menneske enn Pfizer sin, og at Johnson & Johnson sin viralvektor-covid-19-vaksine er endå meir dødeleg enn både Moderna og Pfizer sine sprøyter.

Ved å bruke ein ny teknikk som samanliknar ratar av dødelegheit på grunn av alle årsaker (ACM [all-cause mortality]) av ulike injeksjonsmerke som vart distribuerte i Tsjekkia, var Kirsch i stand til å utover kvar ein tvil bevise at covid-injeksjonar generelt «forårsaka uakseptable aukar i ACM for dei som valde å ta sprøytene.» […]

Covid-«vaksinar» er dei dødelegaste sprøytene som er produsert nokosinne

Medan Pfizer spydde ut 57% fleire dosar enn Moderna, noko som gjer den til den mest utdelte covid-injeksjonen i verda, utgjer Pfizer berre 21% fleire dødsfall enn Moderna.

«Den einaste måten dette kan skje på, er om Moderna har ein 30% høgare dødsrate enn Pfizer,» skriv Kirsch. «Sjølv om Pfizer er ein fullstendig trygg vaksine, er Moderna ein katastrofe.»

Kirsch er forbanna over at Moderna sine mRNA-injeksjonar enno ikkje har blitt trekt frå marknaden trass desse avsløringane. Ikkje eit einaste land i verda som distribuerte dei er viljuge til å sjå på dei fordømmande dataa, langt mindre gjere noko med det.

«Dersom dei gjorde det, ville dei raskt ha validert dette,» seier han. «Eg kan til og med gje dei kjeldekoden.»

Kirsch presenterer ymse bilete på nettstaden sin som illustrerer skilnadene i dødsratar mellom Pfizer og Moderna, og forklarer at han aldri i sitt liv har sett ein vaksine «som har skapt so mange vaksinedødsfall og -skadar.»

«Og mesteparten av dei kjem frå Pfizer-vaksinen,» legg han vekt på, sidan Pfizer produserte og sleppte ut flest sprøyter samanlikna med alle dei andre merka.» Andre vaksinar har langt fleire dosar enn covid-vaksinane, men covid-vaksinane er dei aller verste når det gjeld rapporterte dødsfall. Korleis kan dei forklare det?»

Sjølv i Pfizer sine eigne «gullstandard»-forsøk, viser dataa beviseleg at dødsfall i vaksinegruppa til ei kvar tid langt overgjekk dødsfalla i placebo-gruppa – og det same gjeld for Moderna. Korleis kan vaksinehaukane då halde fram og hevde at desse greiene er «trygge og effektive»?

Det vart avslørt 11.juli 2024 via Vaccine Safety Research Foundation (VSRF) at kvar einaste helseepidemiolog som prøver å varsle om alt dette, blir «lønt» med å få sparken eller verre: feilaktig skulda for straffbare handlingar – sjå denne videoen.

Kirsch trur at ikkje ei einaste helsestyresmakt nokon stad har teke seg bryet med å sjå på ACM-ratane eit år frå tida då pasientar vart injiserte med ymse covid-sprøytemerke. Dersom dei gjorde det, ville dei raskt sjå det same som Kirsch no ser.

Kirsch viser til mange døme, inkludert Health New Zealand, det amerikanske Centers for Disease Control and Prevention, og Santa Clara Public Health Department – og alle som éin avviste forsøka hans på å vise dei sannferdige data om dei dødelege sprøytene.

«Alle legane som fortalde dykk at Moderna-vaksinen var trygg, har villeia dykk. Og media, lovgjevarar, folkehelsetenestepersonar og amerikanske presidentar – alle saman fortalde dykk at denne driten var trygg, utan handfaste data som viste at den var trygg.»

Dersom du ikkje ønskjer å risikere ein altfor tidleg død, er det truleg best å ikkje late deg injisere med noka form for mRNA.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget