Pro-Trump-allierte i Ungarn åtvarar om NATO sitt forsøk på å sparke i gang Tredje verdskrig i Ukraina

Jose Nino på nettstaden Big League Politics melder:

Den ungarske utanriksministeren Péter Szijjártó erklærte nyleg at den ungarske regjeringa ser på NATO si førebuing på eit koordinert oppdrag i Ukraina som farleg og unaudsynleg, ifølgje ungarske media.

I eit Facebook-innlegg la ministeren vekt på at den ungarske regjeringa har eit fullstendig annleis syn på konflikten i Ukraina og moglegheitene for fred, samanlikna med fleirtalet av USA sine fyrstedøme i NATO.

«NATO går framover med planar om eit koordinert oppdrag i Ukraina, eit steg vi ser på som både farleg og unaudsynleg,» skreiv han i innlegget.

Han erkjende at der er eit mangfald av synspunkt blant dei 31 NATO-medlemsstatane, og sette søkjelys på at Ungarn ikkje einsidig kan få slike program stoppa. Szijjártó la ut om hovudmåla til den ungarske regjeringa i denne sensitive augneblinken i den geopolitiske historia:

«Fyrst og fremst har vi som mål å sikre at ungarske soldatar ikkje tek del i dette oppdraget, at ungarsk territorium forblir konfliktfritt, og at pengane til ungarske skattebetalarar ikkje finansierer dette føretaket.»

Szijjártó åtvara om auka risiko for ytterlegare eskalering, og la vekt på den stadige innsatsen på å beskytte tryggleiken til Ungarn og halde landet ute av kvar ein mogleg konflikt.

Ungarn er det einaste rasjonelle landet i NATO. Det er eit av få land som navigerer den nye multipolare ordenen på ein høveleg måte. På dette punktet kan USA lære eit og anna frå land som Ungarn sine avgjerder når det gjeld utanrikspolitikk.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.  

Kommenter innlegget