Djupstaten planlegg eit ANDRE attentatforsøk på Trump – via Iran

Ethan Huff i Natural News rapporterer:

To senior-tenestepersonar innan amerikansk etterretning har bekrefta at det ikkje er heilt usannsynleg at Donald Trump kan stå overfor eit andre attentatforsøk dei komande vekene.

Politico køyrde ei sak som hevda at stadig meir evidens visstnok peiker på Iran, av alle land, og at dei planlegg å drepe Trump før november-valet – kanskje fordi han støttar Israel?

Den amerikanske djupstaten hevdar å ha avdekt eit komplott av Iran om å ta Trump før han kan bli installert i Det kvite huset for andre gong. Den iranske utsendinga til FN seier at desse skuldingane er «udokumenterte og vondsinna», men dette er det Washington likevel hevdar.

Den iranske regjeringa sa i ei melding at medan den tidlegare presidenten framleis er «ein kriminell som må bli straffeforfølgt og straffa i ein domstol» for å gje ordre om attentatet på den iranske generalen Qasem Soleimani i 2020, er der ingen planar av Iran om å utføre attentat på Trump som gjengjelding. […]

Dersom tvil, berre gje Iran (eller Russland) skulda

Dei av oss som kjenner modus operandi til djupstaten vil straks gjenkjenne at den sannsynlege planen er at djupstaten sjølv kjem til å prøve å utføre attentat på Trump ein andre gong, medan dei vel seg ut Iran som syndebukk.

I årevis har Washington fortalt verda at alt gale som skjer med USA på ein eller annan måte er Russland si skuld. No skiftar skuldspelet over til Iran som den nyaste busemannen.

Dei to amerikanske senior-tenestepersonane som hevdar alt dette, sa at Biden-regimet har drive og samla informasjon frå eit tal kjelder, der fleire er menneske, om påståtte trugslar frå Teheran som peiker på potensielt fleire valdshandlingar mot USA generelt, og Trump spesifikt.

Som vanleg ville ingen av dei to tenestepersonane offentleggjere namna sine. Dei begge la emfatisk vekt på at der er ingen evidens for at laurdagens skyteepisode under rallyet til Trump hadde noko som helst tilknyting til Iran.

CNN rapporterte før attentatforsøket mot Trump av Thomas Matthew Crooks i Butler, Pennsylvania, at Iran planla å drepe Trump fyrst.

«Vi har gjentekne gonger og konsekvent briefta publikum og Kongressen om eksistensen av desse trugslane,» sa NSC-talsperson Adrienne Watson. «Vi har gjentekne gonger møttest på dei høgste nivåa i regjeringa vår for å utvikle og implementere ein omfattande respons mot desse trugslane.»

«Vi har investert ekstraordinære ressursar i å utvikle ekstra informasjon om desse trugslane, forstyrre individ involvert i desse trugslane… og direkte åtvara Iran.»

Konsernmedia hevdar at Iran rutinemessig prøver å blande seg inn i amerikanske val ved å spreie «feilinformasjon» via påverknadskampanjar. Vi har òg høyrt igjen og igjen frå djupstaten at Iran visstnok er ein fiende av amerikanske val.

Avril Haines, direktør for Nasjonal etterretning, kom med ei sjeldan offentleg melding 9.juli om den påståtte involveringa til Iran i dei amerikanske protestane rapportert til Israels handlingar i Gaza.

«Iranske regjeringsaktørar har prøvt å opportunistisk dra nytte av pågåande protestar om krigen i Gaza, og brukt ei spelebok vi har sett andre aktørar bruke opp gjennom åra,» sa Haines.

«Vi har observert aktørar knytt til den iranske regjeringa posere som aktivistar på nettet, der dei har prøvt å oppmuntre til protestar, og til og med gje finansiell støtte til protest-deltakarar.»

No når den påståtte trugselen om eit iransk åtak på Trump eller nokon andre høgprofilerte mål har blitt ein del av nyheitssirkelen, håper djupstaten å kunne halde ein låg profil etter den neste falsk flagg-hendinga som dei uunngåeleg utfører i eit desperat forsøk på å hindre Trump i å vinne.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget