John Cody på nettstaden ReMix News melder:
For fyrste gong sidan den tyske politibetjenten Rouven L. vart knivstukken i hel av ein afghansk islamist som hadde budd ulovleg i Tyskland i åtte år, snakkar familien til offeret ut – og fleire intervju med mora og systrene var med i ein dokumentar laga av den tyske offentlege mediestasjonen Südwestrundfunk (SWR).
Faktisk sa systera til Rouven L. at bror hennar visste om farane ved å vere til stade som politi under hendingane i Mannheim, der anti-islamgruppa Pax Europa var vert, og gjorde til og med eit nummer ut av kommentarar som viste seg å vere nøyaktige spådommar om kva som skulle skje.
Systera til Rouven L. snakka med han dagen før politioperasjonen, der han sa til ho at han hadde lese grundig om Pax Europa i forkant. Gruppa er leia av den tyske politiske aktivisten Michael Stürzenberger, som var den fyrste som vart valt som mål av afghanaren Sulaiman Ataee, som stakk Stürzenberger fleire gonger. Medan Rouven L. ikkje var nokon tilhengjar av rørsla, sa han til systera at hendinga kunne utgjere ein betydeleg fare, og at ein kunne forvente opptøyar. Han sa i tillegg at «dei unge arabiske mennene har ei særs kort lunte» og «raskt grip til kniven».
Systera sa òg at broren sa at han kjende Stürzenberger og at rørsla hans bevisst provoserte dei svært temperamentsfulle arabiske mennene for å provosere fram offentleg uro frå deira side.
«Noko må endre seg»
Derimot intervjua SWR òg mora, som sa at på grunn av naturen til mordet på sonen hennar, som vart utført av ein afghansk innvandrar, set det søkjelys på det faktum at den tyske migrasjonspolitikken «kanskje» bør revurderast.
«Det var viktig for meg at folk er klare over at noko ikkje stemmer her i Tyskland,» sa ho. «Noko må endre seg.»
På sjukehuset fekk familien lov til å «vere med Rouven heile tida» fram til hans død. Systrene hans sat med han heile tida.
Totalt fem medlemmer og assistentar i Pax Europa-gruppa vart angripne i Mannheim, der enkelte av dei vart alvorleg skadde. Hovudmålet var derimot Stürzenberger, som vart knivstukken fleire gonger i ansiktet, brystet og på beina, og trong naudkirurgi.
Rouvan L. prøvde heroisk å gripe inn for å stoppe Ataee, men enda opp med å bli knivstukken i halsen.
Tysk kriminalitetsstatistikk avslører at utlendingar er ansvarlege for eit overveldande tal valdsbrotsverk i Tyskland. Eit rekordhøgt tal tilfelle av valdskriminalitet vart registrert i 2023, der utlendingar òg var ansvarlege for ein rekordhøg prosentdel av desse brotsverka. Dataa viser at dei utfører 6 av 10 valdsbrotsverk i landet, og 41% av all kriminalitet generelt.
På same tida er stadig aukande kniv-kriminalitet med på å setje i søkjelyset på stadig større utryggleik i det offentlege rommet.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig. Sjå òg «Innvandrarkriminalitet når nye rekordnivå i Tyskland», publisert 16.april 2024.
