Kan covid hjå Biden samanliknast med at Trump nesten vart drepen i eit attentat?

Sean Adl-Tabatabai på nettstaden The People’s Voice skriv:

MSNBC-vert Joy Reid seier at det at Biden har fått covid er like ille som at Trump overlevde eit attentatforsøk.

Det kvite huset informerte i går [17.juli 2024] at fullvaksinerte Biden har fått påvist viruset og hadde «milde symptom».

Det fekk Reid til å gå spy ut ein hemningslaus tirade der ho uttrykte sinne over at Trump retta ein knyttneve i vêret etter at han nesten vart myrda.

Modernity.news rapporterer: «Donald Trump er ein eldre mann som, av ein eller annan grunn, fekk ni sekund til å ta eit ikonisk bilete under ein aktiv skyttar-situasjon. Underleg situasjon. Vi vil finne ut den der ein dag,» sa ho.

«Men det at han overlevde det og med éin gong kjem seg på beina og reiser direkte til samlinga hans, blir i media framstilt som eit teikn på styrke,» la Reid til.

«Den noverande presidenten i USA er 81 år gammal og har covid – burde han vere heilt fin i løpt av nokre dagar?»

«Handlar ikkje det i grunnen om det same? At han har er sterk nok, eldre enn Trump, til å ha fått noko som brukte å vere verkeleg dødeleg for folk på hans alder?»

«So dersom han kjem seg på beina igjen og er i stand til å reise på rally, er ikkje det nøyaktig det same?» spurde Reid.

Ja, Joy, å vere ei hårsbreidd frå å få skallen knust er «nøyaktig» det same som å få ei forkjøling.

Den tidlegare propaganda-tsarinaa i Det kvite huset, Jen Psaki, var einig med Reid om at det «burde» bli behandla likt.

Reid har tabba seg ut i det siste, men denne tek verkeleg kaka.

Ho sa tidlegare at Donald Trump ikkje burde ha fått lov til å stå saman med Biden under debatten.

Før det feira ho si overtyding om at seanse-rettssakene mot Trump var ei form for rasehemn, medan ho òg tok seg tid til å gneldre om «white boy summer».

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget