Sjukeleg overvekt i USA sprengjer alle vekter: Matselskap feitar opp befolkninga som om dei var gjøgrisar

Ethan Huff i Natural News rapporterer:

For å få amerikanarar til å halde fram med å gafle i seg sin genetisk modifiserte mat full av kjemikaliar, driv produsentar av prosessert mat som General Mills og pushar «helse i kvar ein storleik»-forteljinga som presenterer sjukeleg overvekt og kronisk sjukdom som trendy og «woke».

Målet er å overtyde so mange amerikanarar som mogleg om at det å vere feit og sjuk er fullstendig normalt, slik at dei skal halde fram med å kjøpe mat full i sukker og konserveringsmiddel – og denne gugga er med på å feite dei opp som om dei skulle ha vore gjøgrisar.

Jaye Rochon lærde dette på den vanskelege måten etter at ho slukte rått mantraet om «helse i kvar ein storleik» og raskt la på seg over tjue kilo. Rochon var allereie overvektig til å byrje med, so dei ekstra tjue kiloa fekk ho opp i særs usunne 136 kilo.

Rochon fall for løgnene som blir prakka på folk av General Mills om at «anti-diett» er ein vitskapleg bevist strategi for å halde seg sunn same kva vekt ein har. Den 51-årige video-redigeraren frå Wasau i delstaten Wisconsin veit no at «anti-diettforskinga» til matindustrien er eit einaste stort bedrag, og det er òg ideen om at «matskam» forårsakar skade.

«Dei fekk meg til å føle meg trygg med å ete kva faen eg ville,» sa Rochon til Washington Post, som køyrde ei sak om ho og historia hennar. […]

Nestlé betaler ernæringsfysiologar for å dytte usunn mat ned i halsane på folk

I tilfellet General Mills, driv selskapet og dusjar pengar over ernæringsfysiologar med pengar og gåver i byte mot at dei støttar deira sosialmedierørsle #DerailTheShame [«få skamma til å gå av sporet»], som liknar pro-legemiddelrørsla bak Big Pharma.

Akkurat som farmasiindustrien badar legar i pengar, fancy middagar og ferieturar og gåver for å pushe farmasøytiske legemiddel og vaksinar på pasientane sine, driv General Mills essensielt og bestikk ernæringsfysiologar for å fremje søppelmat til pasientane sine.

General Mills sponsar sosialmedie-influencerar som har som jobb å påverke dei lettlurte. Selskapet betaler òg eit ganske stort team av lobbyistar for å stikke kjeppar i hjula for føderal politikk som har som mål å rydde opp i matforsyninga og fremje ekte helse gjennom fråvær av sjukeleg overvekt.

«De kan hjelpe til med å få skamsyklusen til å spore av,» sa Amy Cohn, senior manager i General Mills for ernæring og eksterne affærar, i ein anti-diett-toretale som ho leverte under ein nasjonal matkonferanse sist haust.

«Folk treng å kjenne seg høyrde og sette for å bryte skamsyklusen rundt vekttap og mat,» skreiv Kathryn Lawson på X, ein ernæringsfysiolog som jobbar hjå Nestlé, under konferansen der Cohn heldt tale.

Ein analyse av 6000 innlegg på sosiale media delt av 68 ernæringsfysiologar med meir enn 10 000 følgjarar, avdekte at rundt 40% av dei bruker dette same anti-diettspråket, der det store fleirtalet av dei tek imot pengar frå mat-, drikke- og kosttilskotsselskap. Alt i alt har desse propagandistane nådd ut til rundt ni millionar menneske med propagandaen sin.

I 2023 fremja ikkje færre enn 10 ernæringsfysiologar General Mills-kornblanding på TikTok og Instagram ved å bruke emneknaggen #DerailTheShame. Mange av desse innlegga viste personaliserte Cheerios-boksar – Cheerio er eit av dei mest ikoniske kornblandingsmerka til General Mills.

I november i fjor fremja ein «anti-diett»-ernæringsfysiolog ved namn Cara Harbstreet Cinnamon Toast Crunch og Trix på TikTok-kontoen sin, og var forkjempar for «fryktlaust næringsrike måltid, inkludert kornblanding». I tilfellet Harbstreet, inkluderte ho emneknaggen #sponsored [«sponsa»] for å indikere at ho fekk betalt for å dumme seg loddrett ut.

«Amerikanarar blir forgifta og gjort om til ein gjeng feite homoar som er dumme som brød,» skreiv ein lesar. «Sjukeleg overvekt aukar. IQ-en minkar. Fruktbarheita minkar. Dødelegheita aukar. Nyt det fredelege folkemordet. Berre ver sikker på at du får tak i noko av det gode biletmaterialet av det til mobilen din.»

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget