Hat styrer Vesten

Grzegorz Adamczyk på nettstaden ReMix News skriv:

Hendingar slik som attentatforsøket på Donald Trump i Pennsylvania, splittande nasjonalval i Frankrike og EU-parlamentsval, fiksa utnemningar av dei høgaste EU-posisjonane, og dei stadige ropa om ei «buffersone» for å stoppe ei «ny fascismebølgje» målar eit bilete av eitt bestemt problem som skaper store bekymringar for framtida til Vesten.

For tida er den mest øydeleggjande krafta – den som øydelegg den politiske kulturen og institusjonane til vestleg fridom – det stadig djupare hatet mellom konservative på høgresida på den eine sida, og liberale og sentristar som flir fortært av venstreekstremisme på den andre sida. Medan fyrstnemnde i samla flokk utfordrar den eksisterande makta og interesser i Europa og USA, er det no den sistnemnde som, for ein kvar pris, prøver å halde på maktmonopolet sitt. Desse to kreftene er no i praksis førebudde på å øydeleggje alt som ligg i vegen for dei, der disputten og nivået deira av hat tek ei eksistensiell form.

Det er no anten vi eller dei.

Som ein idéhistorikar er eg [Adamczyk] fascinert over korleis det i dei siste 35 åra har blitt til dette, og kva den faktiske årsaka til slikt blindt hat er. Eg hugsar ei tid då, med tanke på at kommunismen og venstreekstremismen var konkurs, det var openbert for mange at samarbeidet mellom konservatisme og liberalisme, marknaden og tradisjonen, var den fornuftige oppskrifta på eit sterkt og veksande Vesten i verda etter Den kalde krigen.

Altso kan ein argumentere at der ikkje finst noko viktigare spørsmål i dag enn kvifor det nøyaktig motsette har skjedd. Korleis desse to kreftene har vendt seg mot kvarandre og riv Vesten i stykke i eit stadig verre raseri, er ei skode som utan tvil skaper stor glede og fordelar for Moskva og Beijing.

Dette spørsmålet gjeld òg vår polske erfaring. For rundt 20 år sidan dreiv folk med totalt ulike konservative, liberale eller sosialdemokratiske synspunkt med kvarandre, møttest, og kjende kvarandre. Erfaringa med slutten på kommunismen og Den kalde krigen var framleis ein felles tråd. I dag er dei låste fast i sine ugjennomtrengjelege bobler, og sit og skyt på kvarandre som om dei var i ein ekte krig.

Denne splittinga kan øydeleggje oss og Vesten, og eg trur ikkje at fornuft eller anger vil skape siger. Kanskje berre ein verkeleg, ekstern trugsel kan føre til forsoning mellom oss. Eg håper det ikkje vil vere for seint.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget