Oleg Burunov på nyheitssida Sputnik Globe skriv:
Biden erklærte at han trekkjer seg frå 2024-presidentvalet 21.juli. Dette kom blant krav frå prominente Demokratar og donorar om å trekkje seg, dette i kjølvatnet av kor dårleg han gjorde det i debatten mot tidlegare president Donald Trump førre månad.
I ei melding om avgjerda hans om å trekkje seg frå 2024-presidentvalet, reflekterte president Joe Biden òg over resultata av dei fire åra han har sete i embetet, der han hevda at USA hadde bygt opp «den sterkaste økonomien i verda».
Han trekte fram forsøk på å utvide det han skildra som «helseomsorg alle kan betale for til eit rekordhøgt tal amerikanarar», og argumenterte i tillegg at administrasjonen hans visstnok kom med «kritisk trongen omsorg til ein million veteranar som vart eksponerte for giftige substansar».
Er det då verkeleg slik, Joe?
Fyrst og fremst viser den amerikanske økonomiske nedsmeltinga ingen teikn til å gje seg, der 36% av amerikanarar i ei nyleg spørjeundersøking av Pew Research vurderte nasjonaløkonomien som «elendig». Legg til dette det faktum at statsgjelda til USA, som no er på nesten 34,4 billionar dollar, stig med éin billion [tusen milliardar] om lag kvar 100.dag.
Den amerikanske migrasjonskrisa held òg fram, i det nye data frå Customs and Border Protection (CBP) [den amerikanske grensevakta] avslører ein betydeleg auke i ulovlege grensekryssingar, med meir enn 205 000 arrestasjonar i juni åleine, noko som driv totalen for skatteåret 2024 til 2,5 millionar.
Legemiddeloverdosar held i mellomtida fram med å vere ei av dei leiande årsakene til skade og død hjå vaksne i USA, og dette har stige dei siste åra. Overdosar gjeld spesifikt syntetiske opioidar (fentanyl) og sentralstimulerande (kokain og metamfetamin), ifølgje Centers for Disease Control and Prevention.
Det utanrikspolitiske rullebladet til Biden
Ukrainakrisa er i full vigør, sidan Biden-administrasjonen held fram med å helle bensin på bålet ved å forsyne Kiev-regimet med militærforsyningar, trass gjentekne åtvaringar frå Russland om at slik bistand berre vil forlenge den stilleståande situasjonen.
Separat frå dette er Gaza-krigen framleis i full gang, trass den oppskrytte planen til Biden om å hjelpe til med å få til ei våpenkvile mellom Israel og Hamas. Den amerikanske presidenten sa førre månad at Gaza-krigen må ta slutt no, og at Israel ikkje må okkupere den palestinske enklaven etter at fiendtlegheitene er over – nok ei melding som tydelegvis fall for dauve øyre i den jødiske staten.
For å setje prikken over i-en, mislykkast Biden i å utføre lovnaden sin om å gjenopprette atomavtalen med Iran av 2015, der samtalar i Wien om temaet til slutt ikkje førde nokon stad.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig. Uthevingar i teksten er forfattaren sine eigne.
