Scott Ritter: Det at Biden har trekt seg frå presidentvalet viser kven som EIGENTLEG styrer USA

Andrei Dergalin i nettavisa Sputnik Globe skriv:

Timinga til Biden si plutselege trekking frå presidentvalet får spørsmål til å oppstå, argumenterer den tidlegare etterretningsoffiseren i den amerikanske marinen og tidlegare våpeninspektør Scott Ritter.

«Der er ingen tvil om at Joe Biden er uskikka til å vere president i USA. Ingen tvil. Men her er spørsmålet. Dersom han er uskikka til å vere kandidat for Det demokratiske partiet, kvifor sette dei han i den posisjonen?» sa Scott Ritter, og la til at teikn på at Biden var skrøpeleg var synlege under G7-toppmøtet i Italia førre månad.

Ifølgje han får det faktum at Biden er uskikka til å vere president i USA, men likevel fekk lov til å «fungere» ein til å stille følgjande spørsmål: kven er det eigentleg som styrer i USA?

«Kven styrer USA? For det er jo ikkje Joe Biden. Vi veit ikkje kven. Det er ei ikkje-valt gruppe av hjelparar som kjem frå det eg trur vi kan kalle etablissementet. Enkelte vil nok referere til dei som djupstaten. Og desse er dei som bestemmer kva som skal skje,» slo Ritter fast, og la til at «dei kritiske avgjerdene relatert til styre» som denne gruppa tek er laga «for det amerikanske folket, men ikkje nødvendigvis på vegner av det amerikanske folket.»

Han skildrar 2024-presidentvalet i USA som «ein test på amerikansk demokrati» og «ein konkurranse mellom etablerte elitar som ein finn i Det demokratiske partiet, og denne oppblomstringa av populisme i form av Donald Trump som tek kontroll over Det republikanske partiet.»

Medan amerikanarar under normale omstende for lov til å «vere med og bestemme utfallet» av denne prosessen, har Det demokratiske partiet og «dei kjende og ukjende elitane» no valt å blande seg inn i denne prosessen og «kjem til å velje kven kandidaten deira for presidentembetet i 2024-valet skal bli», som «ikkje er sånn det er meint å fungere», sa han.

«USA er i ei krise, ei demokratikrise, ei identitetskrise. Og det ser ikkje ut som om vi har ei løysing fordi det amerikanske folket, for det meste, har blitt forvirra og villeia og manipulert av hovudstraumsmedia til å på eit eller anna vis tru at dette er normalt,» klaga Ritter.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget