Spørjeundersøking: Ein tredjedel av Demokratar ønskjer Trump hadde blitt DREPEN av ei kule

Steve Watson på nettstaden Modernity.news melder:

Ei spørjeundersøking som vart utført i slutten av førre veke [veke 29] avdekte at ein tredjedel av Demokratar er openlyst einige i setninga «Eg skulle ønskje attentatmannen til Trump ikkje hadde bomma».

Undersøkinga vart utført av nyheitsnettsida UnHerd, som fann ut at dei som ønskte at Trump hadde blitt drepen hadde meir venstreradikale meiningar.

Forfattar Eric Kaufman skriv at «Støtte for den meininga varierer knapt etter alder, rase eller utdanning, men er tilknytt ideologi og partisanskap».

Kaufman skriv vidare at «Då eg spurde om informantane var einige med påstanden ‘Kvite Republikanarar er rasistar’, var 55% einige og berre 20% ueinige».

Han held fram: «Men spesielt interessant, som illustrert under, er kor nøyaktig folks svar til dette spørsmålet føreseier om dei støttar attentatforsøket på Trump. I ein statistisk modell som kontrollerer for ymse demografiske karakteristikkar, ideologi og partisanskap, kom dette spørsmålet fram som so statistisk betydeleg at det fekk alle andre variablar til å bli irrelevante.»

Som vi [Modernity.news] tidlegare sette søkjelys på, trur ein tredjedel av Biden-veljarar òg at attentatforsøket var iscenesett av Trump sjølv, trass det faktum at ei kule vart fotografert flyge berre nokre millimeter frå hovudet hans, og at tilskodarar vart skadde og drepne.

[Kommentar frå Saksyndig: Spørjeundersøkinga vart gjennomført før Biden trekte seg som presidentkandidat.]

I sitt fyrste rally sidan forsøket på å ta livet av han, sa Trump at medan motstandarane hans held fram med å kalle han ein trugsel mot demokratiet, tok han bokstavleg tala ei kule for det.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget