Australia gjer opprør mot lygande statlege covid-vitskapsfolk – musestille i media

Baxter Dmitry på nettstaden The People’s Voice skriv:

Eit leke opptak frå eit australsk TV-program om covid-responsen til landet viser korleis stoda eigentleg er i det høgvaksinerte landet, der medlemmer av folket rasande konfronterer statlege covid-vitskapsfolk og kallar dei «løgnarar» som øydela folkehelsa, før dei krev at dei seier opp jobbane sine.

Derimot vart opptaket sensurert av Channel 7, ein av dei største medieformidlarane i landet, i favør av ein meir lettfordøyeleg versjon av hendingane, sidan hovudstraumsmedia held fram med å feie covid-19-mRNA-skandalen under teppet.

Australia er eit av dei mest vaksinerte landa i verda som ei følgje av regjeringa sine brutale nedstengingar og vaksinepåbod, og temperaturen blant folk flest har no nådd kokepunktet i det likposane og vaksineskadane held fram med å stige.

Channel 7-programmet Spotlight [«søkjelys»], som vart sendt tidlegare denne månaden, dekte fleire aspekt av pandemiresponsen, inkludert grensestenging, brutale nedstengingar, vaksineskadar og long covid.

Derimot var det temaet vaksinar som genererte den flammande konfrontasjonen som vart sensurert og redigert ut av programmet. Konfrontasjonen involverte den statlege tilsette professoren i smittsame sjukdommar og barnelege, Robert Booy, ein av fire paneldeltakarar i studio, og sjølve publikum.

Sjå fyrst den redigerte og stovereine versjonen av utvekslinga som gjekk på lufta på Channel 7.

Lytt deretter til kva som faktisk skjedde i studio. Publikum nekta å akseptere den statlege immunologen sin propagandaversjon av hendingane, og kalla han rasande for ein løgnar.

Dette er den ekte meininga til mannen (og dama) i gata, og hovudstraumsmedia er desperate etter å halde fram med å undertrykkje denne informasjonen på vegner av staten og Big Pharma.

Daily Mail rapporterer: Utbrotet kom etter eit spørsmål av publikumsmedlem Ayse Goknur Shanal, som erklærte stolt at ho ikkje hadde teke ein einaste covid-vaksine.

Frøken Goknur Shanal skildra seg sjølv om «ein av dei få i den juridiske sektoren som gjekk til kamp mot TGA og resten av det statlege etablissementet for statleg og medisinsk korrupsjon».

«Kvifor blir inga forsking gjort, no når tre år har gått, som samanliknar immunforsvaret til dei som tok fyrste dosen, andre dosen og tredje dosen og etterspelet og latens-perioden i samanlikning med korleis uvaksinerte har det no?» spurde ho.

«Vi har eit samfunn som er kronisk sjukt i vinterhalvåret og det er ikkje dei uvaksinerte.»

Professor Booy svarte at «Australia har nokon av dei beste immunologane i verda» og «vi ser faktisk på responsen på vaksinasjon».

«Vi ser faktisk på folk som ikkje hadde noka eksponering for covid eller vaksinasjon, og immunforsvara deira blir samanlikna,» sa han. «So du tek feil.»

«Og når det gjeld å vere frisk, so er det flott. Eg er glad på dine vegner.»

Programmet som vart sendt sundag kveld [21.juli 2024] gjekk straks over til eit anna svar av ein meddeltakar i panelet, viseprofessor ved ANU i smittsame sjukdommar, dr. Sanjaya Senanayake.

Derimot avslører lekne lydopptak at utvekslinga med professor Booy vart mykje skarpare.

Den som stilte spørsmålet prøvde å avbryte med: «orsak meg…»

«For folk som har hatt covid, orsak, for folk som har hatt covid, orsak, lat meg snakke ferdig,» sa professor Booy.

«Folk som har hatt covid, folk som ikkje har blitt vaksinert, får meir alvorleg sjukdom og dei har større sannsyn for å få long covid.»

Publikum avbraut ved at ein mann vart høyrt rope «bullshit!».

«Det er jævla løgner, kamerat!» skreik ein annan.

«Du burde gje tilbake autorisasjonen din,» la ein annan til.

«Det er den største løgna», og «slangeoljeseljar», vart òg høyrt bli ropt frå medlemmer av publikum.

Spotlight-programleiar Michael Usher vart tvinga til å gripe inn for å gjenopprette ro og orden.

«Eg elskar at de har dykkar meiningar,» sa han til folkemengda.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget