Michael Snyder på nettstaden sin End of the American Dream skriv:
Dei siste par vekene har verkeleg vore historiske. Ta deg ein augneblink og berre sjå på enkelte av dei større hendingane som vi har vore vitne til. Donald Trump vart skoten, Biden trekte seg frå presidentvalet, og Kamala Harris blir raskt den nye kandidaten in spe. Det er vanskeleg å hugse ei tid då so mykje har skjedd på so kort tid. No har fleire bomber blitt sleppte, men fordi so mykje anna går føre seg, får dei ikkje den merksemda dei fortener. Dei følgjande er tre enorme bomber som alle burde snakke om akkurat no:
Ein: Det ser ut som om Joe Biden hadde ein slags medisinsk naudsituasjon då han nyleg var i Las Vegas:
«Eit Las Vegas-sjukehus var i beredskap etter å ha fått melding om eit mogleg medisinsk problem med president Joe Biden onsdag ettermiddag [17.juli 2024] medan han var på besøk i sørlege Nevada.
Politi og medisinske team samla seg utanfor University Medical Center si skadeavdeling på Wellness Way i tilfelle den amerikanske presidenten kom dit, etter at han avlyste eit treff på Unidos US Convention i Las Vegas fordi han hadde testa positivt for covid-19. Unidos US-president og adm.dir. Janet Murguía kom med beskjeden til dei frammøtte som venta på å høyre presidenten tale.»
Du køyrer ikkje nokon i full hast til sjukehus på grunn av covid.
Noko anna hadde tydelegvis skjedd.
Sjukehuset som vart sett i beredskap er «det einaste Level 1 Trauma Center i Nevada»:
«Fordi sjukehuset er det einaste Level 1 Trauma Center i Nevada, er det der presidenten skal fare under ein medisinsk naudsituasjon.
Van Houweling sa at sjukehuset fekk beskjed rundt klokka 14:15 om eit mogleg medisinsk problem med presidenten.»
Kvifor laga ikkje dei store nyheitsnettverka oppstyr rundt dette?
Tydelegvis høyrde «hundrevis av politibetjentar i Las Vegas-området» naudordrane som vart sendte ut:
«Fleire politibetjentar som var på jobb den dagen vart informert via radio at presidenten var hamna i ein uspesifisert medisinsk naudsituasjon. Dette, som langt ifrå berre var ein rennande nase, vart sendt ut på krypterte politi-radiofrekvensar som om det var ein større brann som hadde brote ut.
Våre kjelder estimerer at det «lett» var hundrevis av politibetjentar og tilsette i Las Vegas-byområdet som høyrde kringkastinga direkte, so eit nysgjerrig media ville ikkje hatt nemneverdige problem med å rapportere om ei oppdatering av denne historia. Politiet gjorde det tydeleg at dette var mykje meir enn berre ei endring av dagsplanen, fordi den sette i verk ein sopass stor del av naudrespons-apparatet deira.
Radiooperatørar som var ansvarlege for koordinering av følgjet til presidenten kravde at ekstra politiressursar straks skulle rykkje inn til området, både for å sikre nabolaget og få presidenten vekk i ein fart.»
Til slutt må Biden ha blitt vesentleg betre, for han enda ikkje opp på det sjukehuset.
I staden vart han frakta til flyplassen der han flaug vekk på Air Force One.
Ifølgje ein reporter som var på Air Force One, «flaug dei so fort at flyet rista»:
«Emily Goodin i The Daily Mail publiserte onsdag kveld etter at Air Force One landa i Delaware «POTUS arrives in Dover» [«presidenten landar i Dover»]. ‘Eg har det fint,’ sa han. Flytida frå Vegas var tre timar og 48 minutt. AF1 [Air Force One] flaug so fort at flyet rista» (Travel Math estimerer normal flytid frå Vegas til Dover å vere fire timar og 50 minutt.)»
Det er openbert at noko skjedde i Las Vegas og at dei held kjeft om det.
Kunne denne medisinske naudsituasjonen ha spelt ei rolle i at Biden plutseleg valde å trekkje seg frå valet?
To: Oversight Project, ei vaktbikkjegruppe som er del av Heritage Foundation, har avdekt eit stykke absolutt forbløffande informasjon.
Analysen deira av mobiltelefondata har avslørt at nokon som jamleg var i huset der Thomas Matthew Crooks budde, òg besøkte ein bygning i Washington D.C. som ligg svært nær eit FBI-kontor:
«Kven besøkte heimen til Thomas Crooks før han prøvde å utføre attentat mot president Trump?
Mobildata-analyse avslører at nokon som jamleg besøkte heimen til Crooks i Pennsylvania, òg besøkte ein bygning i D.C. nær eit FBI-kontor.»
Mange innser ikkje at mobilane våre konstant samlar data om oss alle.
I dette tilfellet kan mobildata vere nøkkelen i å avgjere kvifor Crooks gjorde det han gjorde.
Ifølgje Oversight Project var der ni mobiltelefonar som «var lokalisert i heimen til Crooks og på arbeidsplassen det føregåande året»:
«Oversight Project identifiserte ni apparat knytt til AD-ID-ar som var lokalisert i heimen til Crooks og på arbeidsplassen hans i løpet av det siste året.
Via Heritage Foundation sitt Oversight Project: ‘Vi fann kontaktane til attentatmannen gjennom vår djuptgåande analyse av mobildata for å spore rørslene til Crooks og dei han heldt seg med. For å gjere dette spora vi apparat som jamleg besøkte både heimen og arbeidsplassen til Crooks, for so å følgje dei,’ sa Oversight Project.»
Ein av desse telefonane tok seg ein tur til Washington.
Kven eigde den telefonen?
Og kven møtte den personen i Washington?
Vi treng definitivt svar på desse spørsmåla.
Tre: Det har blitt avgjort at ein av dei «utanomjordiske mumiane» som har blitt oppdaga i Peru har fingeravtrykk som ikkje er menneskelege:
«Bisarre diagonale spor langs fingertuppane og tærne på ein av dei underlege og mykje debatterte ‘romvesen-mumiane’ frå Peru peiker på eit ikkje-menneskeleg opphav for desse rare etterleivningane.
Verdsomspennande kontrovers har følgt i kjølvatnet av dei små, spesielle vesena sidan september, då veteran-kringkastingsjournalist og erfaren UFO-forskar Jaime Maussan fyrst presenterte det som skal vere to ‘romvesen’-lik til den meksikanske kongressen i fjor.»
Mannen som undersøkte fingrane til denne «utanomjordiske mumien» er faktisk ein forsvarsadvokat som tidlegare jobba som påtaleadvokat i Colorado:
«No har DailyMail.com snakka med ein tidlegare påtaleadvokat i Colorado, som no er forsvarsadvokat, som har undersøkt eit av det halve dusinet av ‘utanomjordiske’ individ ved hjelp av tre uavhengige rettsvitskaplege ekspertar frå USA.
‘Desse var ikkje tradisjonelle menneske-fingeravtrykk-mønster,’ sa den advokaten, Joshua McDowell, til DailyMail.com.»
Denne fyren høyrest ganske so truverdig ut, og Daily Mail har publisert eit bilete av dei bisarre fingeravtrykka til denne «romvesen-mumien».
Dersom dette vesenet og dei andre «romvesen-mumiane» som har blitt oppdaga ikkje er menneske, kva er dei då?
Som eg skreiv i detalj om i mi nyaste bok, trur eg at scena blir klargjort for eit stort bedrag som vil skake heile verda.
Naturlegvis er sanninga at bedrag allereie finst overalt rundt oss.
Vi blir ikkje fortalt sanninga om Biden.
Vi blir ikkje fortalt sanninga om skyttaren til Trump.
Og der er hundrevis av andre ting som vi ikkje blir fortalt sanninga om.
George Orwell åtvara oss ein gong om at «i ei tid av bedrag er det å fortelje sanninga ei revolusjonær handling».
Tragisk nok er det Orwell sa meir relevant i dag enn nokosinne, og mykje meir bedrag er på veg.
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
